Næringsliv | 01. nov. 2015

På innsio: Heggland Heiltre

Skreddarsydde møblar til hotell og restaurantar - bli med på omvising i møbelfabrikken i Hegglandsdalen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. nov. 2015 09:08

«På innsio» er ein ny, fast serie med videoreportasjar der vi tar deg med inn i ulike bygg og bedrifter i Os. Kvar helg framover kan du starta søndagen på innsida av ei ny verksemd. Besøket i dag er hos Heggland Heiltre AS i Hegglandsdalen.

Familieverksemda Heggland Heiltre AS blei stifta i 1990 og er i hovudsak eigd av Roald Heggland, far til Tore, som i videoen over tar oss med på omvising i fabrikken i Hegglandsdalen.

Selskapet leverer i hovudsak skreddarsydde møblar til hotell og restaurantar og har i periodar store kjedar og heile hotell dei skal innreia. Omsetnaden har dei siste ti åra variert frå 8,3 til 18,8 millionar kroner.

McDonald's og Dolly Dimples er blant dei større kundane, men møblane til Heggland Heiltre har òg utmerkt seg på ei messeinnreiing, der kunden deira av 2000 utstillarar vann pris for beste stand på oljemessa i Stavanger.

Dette var vår tredje tur på innsio. Vi har òg vore hos Thomas Lyssand på Lyssand Gartneri og Jarl Haug på Vestlandske Heiltremøblar.

Midtsiden - alle saker med video

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.