Næringsliv | 25. okt. 2015

På innsio: Vestlandske Heiltremøblar

VIDEO: Bli med på omvisning der tømmer blir til møblar – hos Jarl Haug på Søfteland.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 25. okt. 2015 08:33

Haug har produsert heiltremøblar i mange år, men frå 1998 i eige bygg på Søfteland og frå 2000 på fulltid.

– Eg sa opp ein god jobb i Nordsjøen. Sjølv om møbelbransjen er tøff har eg aldri angra, seier Jarl.

Då ein måtte fjerna dei store almane ved Lyse Kloster ruinane gjekk stammane over Langedalen til Jarl Haug og Vestlandske heiltremøblar, men kva skjedde med trea etterpå?

– Dei har lagt ute for å få fram det fine mønsteret i treet, før vi etterkvart tek dei inn for å tørka dei.

– Vi prøver å få alt materialet til å bli så tørt at det er under 8 % fukt før vi byrjar å jobba med det, fortel Haug.

I videoen får du òg historia om kunden som kjøpte barskap, men som ikkje drakk. Kvifor han likevel ville kjøpa skapet røper Haug i innslaget.

På innsio: Ny, fast serie med videoreportasjar der vi tar deg med inn i ulike bygg og bedrifter i Os. Kvar helg framover kan du starta søndagen på innsida av ei ny verksemd. Besøket i dag er hos Vestlandske heiltremøblar. Dette er vår andre tur på innsio. Førre veke var vi hos Thomas Lyssand hos Lyssand Gartneri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.