Næringsliv | 08. nov. 2015

På innsio: Vestmekaniske

Bli med på omvising hos den nye mekaniske verksemda i Hegglandsdalen.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 08. nov. 2015 08:16

Vestmekaniske AS, som bli stifta i februar i år, er eigd av Jarle Nytræ, Karl Ole Lyngbø, Eirik Haugland, Anders Arefjord og dagleg leiar Tom Fagerthun.

Selskapet var også sentralt i etableringa av Aqua Circle AS på forsommaren i år, selskapet som er bygd på Jonny Møgster si oppfinning, ein fôringsautomat for leppefisk og rognkjeks til avlusing av laks.

Sjå òg: Lur løysing for leppefisk

Vi har besøkt Vestmekaniske AS, men fekk slett ikkje filma alle dei stiligaste varene dei har produsert. Mykje er hemmeleg, hemmelege varer til hemmelege kundar.

Men vi fekk sjå utstyret, både det som har kosta skjorta og det utstyret dei har laga sjølv. I ruta over får du ei omvising i ein av dei etterkvart mange hallane i det nyare industriområdet i Hegglandsdalen.

«På innsio» er ein ny, fast serie med videoreportasjar der vi tar deg med inn i ulike bygg og bedrifter i Os. Kvar helg framover kan du starta søndagen på innsida av ei ny verksemd. Besøket i dag er hos Heggland Heiltre AS i Hegglandsdalen.

Dette var vår tredje tur på innsio. Vi har òg vore hos:
Thomas Lyssand på Lyssand Gartneri
Jarl Haug på Vestlandske Heiltremøblar
Tore Heggland hos Heggland Heiltre

Midtsiden - alle saker med video

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.