Sport | 08. apr. 2012

På "jakt" etter isbjørn

Svalbard, del 3: Kunne vi vera så heldige å få sjå kongen av Svalbard. Sjølveste isbjørnen?

På "jakt" etter isbjørn
Midtsiden fekk eit mektig møte med Isbjørnen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 08. apr. 2012 07:46

Bildeserie:

Midtsiden på isbjørnjakt (foto: AH)
Midtsiden på isbjørnjakt (foto: AH)
Sjølv om ein ser bjørn, lønner det seg å sjå på scooteren framfor òg (foto: AH)
Sjølv om ein ser bjørn, lønner det seg å sjå på scooteren framfor òg (foto: AH)
Isbjørnen sitt matfat. Selhol i isen på austkysten av Spitsbergen (foto: AH)
Isbjørnen sitt matfat. Selhol i isen på austkysten av Spitsbergen (foto: AH)
Guiden viste fram restane av gårdagens isbjørnmiddag (foto: AH)
Guiden viste fram restane av gårdagens isbjørnmiddag (foto: AH)
Turen gjekk gjennom Adventdalen... (foto: AH)
Turen gjekk gjennom Adventdalen... (foto: AH)
...til mektige fell ytst i Sassendalen (foto:AH)
...til mektige fell ytst i Sassendalen (foto:AH)
og brefront og drivis i Mohnbukta (foto: AH)
og brefront og drivis i Mohnbukta (foto: AH)
før isbjørnen dukka opp langt der borte... (foto: AH)
før isbjørnen dukka opp langt der borte... (foto: AH)
1 av 8

Då vi troppa opp hos Svalbardbooking (eit av dei tre store turselskapa på Svalbard. Spitsbergen Travel og Basecamp Spitsbergen er dei to andre, journ.mrk) fekk vi høyra at Charlotte, guiden vår for dagen, hadde sett ei binne med to ungar på austkysten dagen før. Akkurat der vår tur skulle gå.

Det var ikkje rart at den australske kvinna i 50-åra fall ned på kne og ba til høgre makter om at også vi skulle få ta del i opplevinga av å sjå kongen i sitt eige rike.

Saman med to australske, tre engelske, ein ire og ein nordmann – og guiden – skulle Midtsiden på isbjørnjakt.

- Det er berre å gje gass. Det er ikkje så dumt å vera først til isen, smilte Charlotte underfundig under ein stopp inne i Adventsdalen. Ho hadde nemleg sett at ein av konkurrentane hadde med seg ei gruppe på 8 scootarar i same retning som oss.

Whiteout på breen

Den gruppa skulle vi få bruk for etterkvart som vi kom litt lengre ut i turen. Over Königsbergbreen blei det nemleg heilt kvitt og Charlotte måtte leia gruppa ved hjelp av innlagt rute på GPS-en. Då var det heilt greit at konkurrenten slo seg saman med oss og at guiden deira låg bakerst og såg til at vi kom oss trygt over breen.

Vel nede i Mohnbukta delte dei to gruppene seg og igjen var det konkurranse. Kven ville sjå isbjørnen først?

Plutseleg stoppa guiden opp og peikte.

- Ser de den gule prikken der borte? Det er isbjørn.

- Og der såg vi den. På vel ein kilometers avstand såg vi ein liten prikk som gjekk under brefronten utover isen. Godt var det at vi hadde både kikkert og telelinse.

Scooteruhell

Etter det første møtet med isbjørnen var stemninga stor og vi heldt fram vidare utover den islagte fjorden. Fulle av optimisme og yr av glede.

Berre eit lite tips frå Midtsiden sin utskremte: Ikkje kjør scooter samstundes med at du kikkar etter isbjørn. Plutselig stoppar scooteren framfor deg. Då hjelper det lite å sjå etter isbjørn, om resten av turen må takast som passasjer på ein av dei andre scooterane, medan din eigen blir taua heim igjen ...

Men slike uhell kan ein ikkje la leggja dempar på opplevinga. Ute på isen fortalte og viste guiden korleis livet foregår ute i isødet. Mellom isfjell skapt frå kalvingar frå breen kunne Charlotte visa fram selhol kor isbjørnen gjerne satt og venta på at middagen skulle dukke opp frå isaudet.

- Denne fann eg i går, fortalte ho medan ho viste fram delar av ei luffe frå ein sel som endte som isbjørnmat.

Eitt møte til

På veg innover frå selholet ser det trente auget til guiden plutseleg isbjørnen igjen. Denne gongen nærmare, men framleis om lag 800 meter unna.

- Av tryggleiksmessige grunner og for ikkje å skremma han unødvendig stoppar vi her.

Samstundes stoppar den kvite bamsen opp og snusar.

- Kva kan det vera? undrar han nok.

I vel eit kvarter står vi der og ser på kvarandre isbjørnen og vi. Vi i ærbødig frykt og respekt for at vi fekk lov til å oppleve han i han sitt eige rike. Han truleg meist undrande over kva slag rare skapningar som hadde tatt turen på isen denne dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.