På jakt etter rømlingar i Oselvo. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

På jakt i Oselvo med garn og harpun

Forskarar dreiv friskt fiske etter mistenkt rømming i Austevoll.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I går kunne dei observante få med seg ei frisk form for laksefiske. 

På oppdrag frå Fiskeridirektoratet var mannskap frå Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (LFI) ved NORCE i Oselva for å sjå etter oppdrettslaks. 

Oppsyn med 50 elver denne hausten

Helge Skoglund frå  LFI  fortel at dei berre denne hausten skal dykka i 50 elver på Vestlandet.

Til no er i overkant av 40 elver sjekka ut. 

– Oppdraga varierer frå teljing og tilstandsrapportar til reint detektivarbeid, som her i Oselvo. Her er grunnlaget mistankar om ei rømming frå eit oppdrettsanlegg, og vi går inn for å sjå kva vi finn, og eventuelt tek vi ut oppdrettslaks som vi kjem over. 

Sky laks

Dei tre dykkarane jobba seg systematisk nedover elva frå sone 2, men det var ikkje spor av store mengder oppdrettslaks denne dagen.

– Vi såg to rømlingar, den eine litt oppi elva, og ein nedanfor gamlebrua. I tillegg såg vi vi to regnbogeaure. Desse er jo ein nordamerikansk art, og skal ikkje gå opp i våre elver, fortel Skoglund.

– Men totalt sett etter det lite som tyder på at det er store mengder rømt oppdrettslaks i Oselva nett no. 

Skoglund seier at oppdrettslaksen ikkje er lett å få has på, då den oppfører seg tydeleg annleis enn den naturlege laksen; 

– Den er mykje meir sky, og kor vi kan symja forbi den naturlege laksen eller kor vi kan liggja i ro og den symjer forbi oss, vil oppdrettslaksen prøva å rømma vekk heile tida. 

 Harpun og garn som våpen

Ingen av dei av tre dykkarane gjekk med på at det var kaldt i Oselvo i går. Utstyrt med tørrdrakter, snorkel og harpun dansa dei seg nedover elva.

På baksida av Kløvertun strakk dei garn over elva før dei gjekk opp att til gamlebrua for å sjå om dei kunne skremma litt fangst i garnet. Det einaste dei kom opp att med ei var ei udetonert fenghette.

Oselva er med andre ord ikkje ein gøymestad for store mengder rømt oppdrettslaks nett no.  

Ungfisken har klart varmen

Formann Osvassdragets forvaltningslag, Roald Berge Helle, fortel at parallelt med arbeidet i Oselvo måndag, har blitt gjennomført ungfiskteljing i Søftelandselva.

Utan å forskottera vidare teljingar fortel Helle at det kan tyda på at ungfisken har klart seg gjennom den varme sommaren. 

 

 

Fleire saker