Kultur | 17. juli 2011

På Kæmp-konsert

VIDEO: – Eg la meg klokka 5 og vakna av gitarklimpring klokka 6. Sidan har vi sete her.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. juli 2011 20:29

Medan 10 band per kveld sto i kø for å spela på Søfteland Rock N LoL sat fleire av publikummarane på campingområdet «Drus Kæmp» ved Gåssandvatnet.

Festivalcampen var ekstra populær i finvêret denne helga, rundt 40 telt var på plass, og nokre av dei som tok seg ein pause på avstand frå dei store høgtalarane fekk akustisk musikk på Drus Kæmp.

– Eg la meg i 5-tida om morgonen laurdag. Ein time seinare vakna eg av noko koseleg gitarklimpring, fortel Lars Gunnar Rolfsnes frå Bømlo.

Han stakk hovudet ut av teltet, og der sat ein som heiter Adrian i nabolavvoen og spelte.

– Eg sette meg ut i ein stol og opna ei øl - og her har eg blitt sitjande, fortel Lars Gunnar i 20-tida laurdag kveld.

Då Midtsiden var nedom kæmpen sat Vilde Lepsøy og venninna Paulina Janukiewicz, begge frå Os, med songtekstane klare. På gitar, og seinare på ukulele, sat Vegard Austvik frå Haugesund.

– Vegard er eit funn, han har vore enterteinar i heile dag.

– Kva med festivalprogrammet - er de oppom på nokre av konsertane?

– Å, ja, og vi skal i alle fall opp og ha med oss Razika, sa Vilde og Paulina før dei drog i gong med Shakira-låta frå fotball-VM, Waka Waka.

Meir om festivalen:
Sjekk vår samleside for Søfteland Rock N LoL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.