Ein stolpe ligg i bakken etter råning på Rema i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ein stolpe ligg i bakken etter råning på Rema i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– På kamera ser det ut som om det var med vilje

Politiet fekk melding om råning. Neste dag såg kjøpmannen video-opptak av ein stolpe som blei påkøyrd i høg fart.

Kjetil Vasby Bruarøy
12. januar 2020 - 20:24

Tilsette på veg på vakt på søndagsopen Rema 1000 oppdaga at ein lyktestolpe mellom to av Tesla Norge sine ladestasjonar låg i bakken.

Dei varsla kjøpmann Trond Hope, som gjekk gjennom opptak frå overvakingskamera.

– Eg ser at to bilar køyrde inn på plassen i 01.45-tida. Den eine er ein Tesla, som stiller seg på lading, den andre parkerte ved sidan av. Folka i bilane prata saman, i tillegg til å kasta frå seg ein liten haug med boss frå McDonalds, fortel Hope.

Så byrjar den eine bilen å køyra rundt på plassen før den, i høg fart, køyrer skrått inn mellom to ladestasjonar og rett i ein stolpe.

– Eg veit ikkje om det var eit uhell, men det ser rart ut på film. Bilen held stabilt høg fart til den smeller inn i stolpen.

– Avstanden er kort mellomladestasjonane. Eg trur den som køyrde var heldig som ikkje køyrde rett i ein ladestasjon. Det kunne blitt både meir alvorleg og meir kostbart.

Politiet varsla om råning

På opptaket ser Hope òg at politiet kjem til staden, og stoppar begge bilane, som kort tid etter stolpevelten er på veg frå staden.

– Om politiet såg den velta stolpen, synest eg det er rart at ikkje dei varlsa meg eller Tesla Noreg, som eig stolpen, seier Hope.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik stadfestar at det blei stoppa to bilar på plassen litt over klokka 2 i natt.

– Vi fekk melding om råning og tuting frå plassen, og fekk ein prat med førar av ein BMW og ein Tesla.

– Det står ingenting om nokon velta stolpe, men vi har naturlegvis notert personalia på desse to, om ikkje dette er synleg på kjøpmannen sitt opptak, og det er noko som skal erstattast.

Kjøpmann Hope oppmodar bilførar å melda seg i butikken seinast måndag formiddag.

Les meir om

Lokal Politi