Kultur | 27. des. 2014

På norsk med Pybanen

Meir mørk – meir ond: Tre av fire medlemmar i Manheads har kome med EP med nytt band, Pybanen.

På norsk med Pybanen
Pybanen. Frå venstre: Christensen, Mattador, Lie Eidevik og Dymbe. (Foto: Rat Miller)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. des. 2014 08:31

Bildeserie:

Manheads på scenen på Søfteland Rock N LOL 2009. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Manheads på scenen på Søfteland Rock N LOL 2009. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 1
Manheads på scenen på Søfteland Rock N LOL 2009. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dei var unge og lovande og kom på banen i den tida Os Rockeklubb hadde midlertidige øvingslokale i eit naust i Oselvo (!). Jon Haaland (vokal/gitar), Remi Christensen (gitar), Alexander Dymbe (bass) og Mads Røykenes (trommer) utgjorde Manheads, eit rockeband frå Os Rock City som fekk mykje merksemd både i Bergen og Oslo for nokre år sidan.

Ikkje minst var 2009 eit godt år for Manheads, som blant anna var blant ti nominerte til Urørt-finalen, varma opp for Turboneger i Bergen og spelte på Søfteland Rock N LOL. Dei spelte også på Bylarm og Øya og var livemusikarar for Blood Command (som dei spelte Urørt-finale med i 2010).

Udefinert og sjølvkritisk

– Alt skjedde veldig fort, samtidig føler eg at vi ikkje hadde eit bevisst forhold til verken det som skjedde eller til Manheads. Vi øvde, spelte og sa ja til det som kom av tilbod, men vi visste ikkje heilt kvar vi ville, seier Alexander Dymbe.

Bandet gav ut éin 7-tommar. Dei var to gongar i studio og spelte inn eit heilt album, men albumet kom aldri ut.

– Vi var veldig sjølvkritiske. Det er ein bra ting, men du bør før eller seinare ta ei avgjerd når du er i eit band. Det har vi blitt flinkare på med åra.

Ny vokalist – nytt band

Manheads var kanskje allereie på veg til eit vegskilje, men så kom ei endring som uansett førte til forandring; vokalist Jon Haaland flytta til London for å jobba.

– Vi syntest det var utruleg kjipt at Jon flytta, men sånn var det. Vi byrja å bli vaksne alle saman og liva våre endra seg. Vi tre som var igjen heldt fram med å gå i øvingslokalet saman, men spørsmålet tvinga seg jo fram, kva no?

Dymbe, Christensen og Mattador var klare for å halda fram, på ein litt ny måte, og byrja å sjå seg om etter ein ny vokalist.

– Vi hadde to aktuelle på lista. Førstemann, Robbie Lie Eidevik frå Loddefjord, tok oss med storm. Han kom inn i lokalet i bar overkropp, med ein energisk og bestemt attityde, og gav gass, fortel Dymbe

Vegen til helvete

Med blanke ark og ny vokalist var alt ope for å velja både namn og stil. Dei var ved eit vegskilje og dei tidlegare Manheads-medlemmane ville velja ein endå mørkare, tightare og meir ond veg enn tidlegare.

– Vi var klare for litt mindre «stoner-metal» og litt meir kjappe punklåtar. Vi hentar inspirasjon av alt frå Alice Cooper til Immortal, og vi ville over på norsk, fortel Alexander.

Dei sat og leika seg med ulike namn då dei landa på Pybanen.

– Det kjem stadig spørsmål om referansar til Bybanen, for eksempel om vi er kritiske til Bybanen. Det er heilt feil! Pybanen har ikkje meir med Bybanen å gjera enn med andre konkrete eller abstrakte banar eller nattbussar, fortel Dymbe og forklarer vidare:

– Pybanen er som highway to hell, på norsk. Men banen har ingen avstiging. Det er banen du er på når alt er py, når ting går til helvete Vi er litt fascinert av den delen av livet når ting ikkje går så bra, av natteliv, uteliv, bakrus, vegen heim, dagen derpå – Pybanen.

Mål og meining

Pybanen har allereie blitt sett og høyrd. Dei har naturlegvis spelt på Hulen og Garage i Bergen, og det har også blitt nokre jobbar i Oslo, der dei har spelt på Klubb-Øya og på utestaden Last Train (matchande nok).

I starten av desember var Pybanen sin første EP i hyllene. Dei fire låtane tar deg frå vorspiel til under jorda, og heiter «Snøblind», «Linjet opp», «Stemmene» og «Gravferd».

– Vi håper på å få arrangert ein sleppefest på nyåret. Vi har også materiale til neste EP klart. Den satsar vi på å få spelt inn og gjeve ut i løpet av 2015, seier Dymbe, som den siste tida også har vore vikarbassist for bandet Hjerteslag, der Pybanen-vokalisten også er medlem.

Førebels er det ikkje booka så mykje for neste år, men Dymbe er klar på kva som er det største målet hans.

– Det må vera å varma opp for Immortal, helst på Amfisenteret på Os, seier Alexander Dymbe.

VIDEO: Til «Stemmene», som var første singel ute, blei det i sommar laga musikkvideo. Den kan du sjå under.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.