Lokal | 22. jan. 2016

På omvising i Endelausmarka

VIDEO: Bli med på ein køyretur inn til den komande E39-traseen og sjå arbeid i idyllisk vinterlandskap.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. jan. 2016 08:11

Bildeserie:

Anleggsvegen har no kome heilt inn til E39-traseen. (Ill.: Statens vegvesen)
Anleggsvegen har no kome heilt inn til E39-traseen. (Ill.: Statens vegvesen)
Til høgre på bildet byrja vegbygginga nærma seg Lyshorntunnelen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Til høgre på bildet byrja vegbygginga nærma seg Lyshorntunnelen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I motsett ende er dei eit par hundre meter frå innslaget på Skogafjellstunnelen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I motsett ende er dei eit par hundre meter frå innslaget på Skogafjellstunnelen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veidekke og Vassbakk & Stol jobbar i idyllisk landskap. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veidekke og Vassbakk & Stol jobbar i idyllisk landskap. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Heile dette skaret skal vekk, til fordel for ny fylkesveg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Heile dette skaret skal vekk, til fordel for ny fylkesveg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Assisterande prosjektleiar Arne Eltvik frå Statens vegvesen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Assisterande prosjektleiar Arne Eltvik frå Statens vegvesen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kvernatjørn skal tappast ned, for delvis å bli fylt med massar. No venta Veidekke på mildvêr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kvernatjørn skal tappast ned, for delvis å bli fylt med massar. No venta Veidekke på mildvêr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Den eine enden av Kvernatjørn hamnar under ny E39. (Foto: SVV)
Den eine enden av Kvernatjørn hamnar under ny E39. (Foto: SVV)
Midlertidig bru i augestikkar-land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Midlertidig bru i augestikkar-land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Entreprenørane bruker varme før dei kan laga fundament til den komande brua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Entreprenørane bruker varme før dei kan laga fundament til den komande brua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Endelausmarka, 1,1 km med E39 mellom dei to tunellane. (Ill.: Statens vegvesen)
Endelausmarka, 1,1 km med E39 mellom dei to tunellane. (Ill.: Statens vegvesen)
1 av 11

Alle har høyrd om Endelausmarka, ikkje like mange har sett denne aude skogen mellom Lysefjorden og Søfteland. Her skal det koma 1,1 km med E39 i dagen, næringsområdet Lyseparken og ny fylkesveg frå E39 til Lyseklostervegen.

I videoen over kan du bli med på ein køyretur ein dryg kilometer frå Lyseklostervegen (fv 163) i Åsen og inn til Endelausmarka. Turen tok nesten åtte minutt, grunna ymse venting på gravemaskiner og møtande trafikk, så vi har justert videoen i kaninfart.

Nye E39 mellom Os og Bergen, frå Svegatjørn til Rådal, startar over igjenfylt Svegatjørn, går gjennom Skogafjellstunnelen (1,5 km), i dagen gjennom Endelausmarka (1,1 km), som ligg mellom Vindalsvatnet på Søfteland og Åsen i Lysefjorden, inn i Lyshorntunnelen (9,2 km) under Lyshorn og Hamre, og ut i Rådal nær Bygger’n sitt kontor ved Laguneparken.

I denne videoanimasjonen kan du ta køyreturen frå Os til Bergen på den komande vegen.

Med 100-sone vil du bruka rundt 7 minutt med bil på dei 11,8 kilometerane når nye E39 står klar i 2022.

– Kritisk fase

Mens Svegatjørn er ferdig tappa og terrenget klart for tunelldriving om cirka ei veke, har Implenia byrja å grava seg mot Os frå Rådal. Samtidig pågår det iherdig arbeid med å få anleggsvegen inn til tunellinnslaga i Endelausmarka.

Arne Eltvik frå Statens vegvesen steppa inn då Midtsiden ba om å få sjå kor den nye anleggsvegen enda, vegen som Veidekke med underentreprenørar har jobba på sidan byggestart i september-oktober i fjor.

– Anleggsvegen skal fjernast så snart Skogafjellstunnelen er ferdig, då skal den overta som anleggsveg og vi skal bygga ny fylkesveg mellom Endelausmarka og Åsen, fortel han.

Planlegginga har pågått så lenge at den tidlegare prosjektleiaren kanskje har pensjonert seg når den er ferdig. Han har trappa ned til assisterande prosjektleiar og satsar på at Sverre Ottesen vil leia E39 mellom Os og Bergen i hamn.

– Det er ein del som har spurd kvifor vi ikkje bygger fylkesveg frå start, i staden for ein midlertidig anleggsveg.

– Men dette er ein kritisk fase, det er viktig å koma i gang med tunelldrivinga snarast mogleg, og det tar mykje lengre tid å bygga ein fylkesveg enn ein midlertidig veg, forklarer han.

Både Lyshorntunnelen (9,2 km) og Skogafjellstunnelen (1,5 km) skal drivast i to tofeltsløp frå begge sider.

Tapper ned nok eit vatn

– Vi er i rute og vi er nær begge tunellinnslaga, rundt 200-300 meter frå kvart av dei. Samtidig blir det jobba med den komande fylkesvegen, blant anna med sprenging av eit skar og bygging av ei bru i augestikkar-området.

Det einaste som er litt utsett, men viktig å snart koma i gang med, er tapping av Kvernatjørn.

Vatnet er større og djupare (ca 20 meter) enn Svegatjørn (7 meter djupt). Rundt halvparten av vatnet skal bli verande, men den andre delen skal fyllast igjen og hamnar under E39, derfor skal vatnet tappast ned mens vi jobbar.

– For å sikra fyllinga, at den blir kompakt og stabil, må vi ha vekk mykje av vatnet så vi kan køyra vals etterkvart som vi fyller på.

Men der har det dukka opp eit problem: Is!

– Pumper og arbeidslektarar ligg klare, men står fast i isen.

– Tjørnet skal tappast ned i Vindalsvatnet og vi bør koma i gang snart, så eg håper mildvêret som er meldt skal hjelpa på, seier Assisterande prosjektleiar Arne Eltvik frå Statens vegvesen.

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen er 11,8 km.
• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.
• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km
• Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km
• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.
• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
• Antatt ferdig i 2022

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Sjå webkamera frå Svegatjørn

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.