Kultur | 27. mars 2015

To på pallen i Bergen

To frisørlærlingar frå Os, Solveig og Ilana frå Lundehjørnet, tok 3. og 2. plass i bergensmeisterskapen. Her kan du sjå modellane, Morten og Kristoffer.

To på pallen i Bergen
Solveig Henriksen Nordhus og Ilana Markhus med pokalane frå BM 2015. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. mars 2015 12:48

Bildeserie:

Modellane, Kristoffer t.v. og Morten. (Privat foto)
Modellane, Kristoffer t.v. og Morten. (Privat foto)
Morten sin sveis. – Det gjeld å skilja seg litt ut, seier Ilana.  (Privat foto)
Morten sin sveis. – Det gjeld å skilja seg litt ut, seier Ilana. (Privat foto)
Kristoffer sin frisyre og skjeggstell kvalifiserte også til premie.  (Privat foto)
Kristoffer sin frisyre og skjeggstell kvalifiserte også til premie. (Privat foto)
1 av 3
Modellane, Kristoffer t.v. og Morten. (Privat foto)
Morten sin sveis. – Det gjeld å skilja seg litt ut, seier Ilana.  (Privat foto)
Kristoffer sin frisyre og skjeggstell kvalifiserte også til premie.  (Privat foto)

Dei to tjueåringane Solveig Henriksen Nordhus og Ilana Markhus er begge frisørlærlingar på sisteåret.

No har dei deltatt i bergensmeisterskapen, som er open for både lærlingar og frisørar med fagbrev, og dei to lærlingane frå Lundehjørnet tok med seg kvar sin pokal heim frå SAS-hotellet.

– Det var ekstra spennande i år, juryen tok seg mykje betre tid til å studera modellane. Begge våre modellar har skjegg, og jurymedlemmane gjekk tett på, fortel dei to.

Solveig hadde Kristoffer Tysseland som modell, Ilana hadde frisert og styla Morten Njaastad Havre.

Frå topp til tå med hjelp av nabobutikken

Begge lærlingane hadde meldt seg på i klassen «herre full fashion». Dermed var det ikkje berre frisyre som blei vurdert.

– Vi måtte også ta ut antrekk og passa at skjegget sto i stil med ansiktsform og sveis.

Klede og sko fekk Kristoffer og Morten låna av nabobutikken til Lundehjørnet, Instinct i Telthuskvartalet.

Lik poengsum

Det var Jeanette Hauge frå Arna Frisør som vann bergensmeisterskapen.

– Vi såg med éin gong at ho kom til å stikka av med sigeren, ho hadde verkeleg laga noko spesielt, seier lærlingane frå Os.

Vinnaren fekk 87 poeng, Solveig og Ilana fekk begge 82 poeng. Då Ilana fekk best score hos hovuddommaren var det ho som stakk av med 2. plassen.

– Eg fekk 3. plass på same måte i fjor, med lik score som andreplassen. Då kom Ilana på 4. plass. Det var kjekkare å gje vekk andreplassen til ein kollega, synest Solveig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.