På plass i ny salong
Etter over 20 år i bankbygget synes Guri Bugge det var vemodig å vri om nøkkelen. Men det nye lokalet er ho likevel nøgd med.

– Vi synes det har blitt veldig bra. Det er kjekt med forandring og vi har fått det meir praktisk no, synes Guri Bugge.
På tre veker har ho fått bygd ny frisørsalong rett over gata frå det førre lokalet til Syrin og Guri Fristørsalong.
– Lokalet er cirka like stort som det vi flytta frå, det vi merkar mest forskjell på er trafikken forbi, seier ho.
Flytta til fots
Guri overtok lokalet ei veke ut i juni. Etter tre intense veker med oppussing var det klart for innflytting fredag 1. juni. Midt i marknadsdagane.
– Husverten Anders Fagerthun har vore veldig effektiv med å koordinera oppussinga av lokalet, skryt Bugge.
– Flyttinga tok vi til fots, dei 20 metrane vi hadde å flytta sakser og stolar. Det tyngste som skulle flyttast, resepsjonen, møtte vi venta på dei sterke brørne Per Henrik og Lars Ole Lunde, elles klarte vi det meste sjølv.
Fleire kjem innom
Etter flyttinga følte Guri at ho fekk marknadsdagane tettare på salongen.
– Det er mykje meir som skjer rett utanfor og mange fleire som stikk innom.
– Så det kan bli ei lønsam flytting?
– Dei fleste har nok kome innom berre for å sjå korleis salongen har blitt, men det blir nok nokre fleire kundar òg. Vi har mykje å gjera frå før, men har plass til nokre kundar til, seier Guri Bugge.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.