Sport | 16. nov. 2016

To på regional landslagssamling

Regine Sten og Lene Cathrine Olsen Sande er teken ut av handballforbundet på regional landslagssamling. Nora Berge frå Os og Nore Neset er reserve.

To på regional landslagssamling
Regine Sten (bilete) og Lene Kathrine Olsen Sande er teke ut på regional landslagssamling (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 16. nov. 2016 20:15

Noregs handballforbund har teke ut 26 spelarar og fire reservar til regional landslagssamling 29. november i Askøy Forum. Blant dei er Lene Cathrine Olsen Sande og Regine Sten. I tillegg er Nora Berge tatt ut som reserve ved sjukdomsforfall.

– Det er utruleg kjekt, seier Trond Budal, trenar for jentene på Os J16, eit samarbeidslag mellom Os og Nore Neset.

Har tatt steg

Midtsiden ba Budal vurdere styrkene til dei tre spelarane.

– Lene Cathrine har blitt ei veldig god medspelar dei siste åra. I tidlege år var ho den som skåra mest mål. For eit par år sidan la vi eit plan med å jobba med samspelet med ei andre spelarane på laget. Det har ho verkeleg tatt tak i. Ho har utvikla gode kvaliteter på å finna eit godt samspel med streken. Ho har òg ein hurtigheit i spelet sitt og ein god spilleforståelse.

– Nora er, i tillegg til å vera reserve til den regionale landslagssamlinga, også teke ut til regionen sitt prosjekt for høge spelarar, så ho blir følgd litt ekstra av regionen. Ho er ein spelar som har ein enormt god skuddarm, men ho mangler litt på styrken. Dette er noko vi jobbar med.

– Regine har litt av dei same utfordringane som Nora, men ho har trent styrke over lengre tid enn det Nora Har gjort. Styrken hennar er skudda, i tillegg har ho ei god speleforståelse. På J16-laget bruker vi ho eindel som midtback og spillaroppleggar, fortel Budal.

Håper på nasjonal serie

Dei tre talenta speler på Os J16, som forsøker å kvalifisere seg til den nasjonale Bring-serien.

– Vi har eit samarbeidslag mellom Os og Nore Neset, som gjer at spelarar frå begge klubbane er med på satsinga.

– Det er ei tett kvalifisering vi er i. Vi fekk eit surt tap mot Årstad, men har sjansen til å kvalifisera oss om vi slår Voss og Sotra 2 på søndag i Oshallen. Vi håper sjølvsagt på god støtte frå heimepublikumet.

– I troppen har vi 17 spelarar, så vi har meldt på 2 lag i A-serien. 2-laget, som har fleire spelarar som er på vippet til å spele med 1. laget, har kamp laurdagen mot Sotra 1, også det er ein del av Bring-kvalifiseringa, avsluttar Budal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.