Lokal | 19. juni 2012

På rekognisering?

Sjekk postkassen din! Enkelte bandar set merke på dei som tilhøyrer hus som er enkle å bryta seg inn i.

På rekognisering?
To utlendingar som i oktober i fjor gjekk og kjente på dører og såg i postkassen til folk i Varåsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 19. juni 2012 09:35

Dei siste to dagane har politiet fått melding om fleire tiggarar i Os. I går blei to av dei stoppa, begge er polske, begge var stum.

– Vi har ikkje grunnlag for å mistenka at dei er ute i anna ærend enn å tigga eller å selja, seier politiførstebetjent Tom Johannessen til Midtsiden.no.

– Men det er jo påfallande at alle er stum, legg han til.

På rekognisering?

Frå ein Midtsiden-lesar får vi tips om at postkassane til hus som er godt eigna for innbrot blir merka.

"Finn du eit lite gult, raudt eller farga klistremerke, eller ei anna form for merking på postkassen du ikke kjenner igjen, så pass opp! Det kan bety at nokon har sett at du ikkje har alarm i huset ditt".

Metoden er også omtalt av politiet ulike stadar på Austlandet.

– Dette har eg ikkje høyrt om før. Men vi har hatt to innbrot i bustadhus i mai, med omfattande tjuveri. Det er ikkje utenkeleg at det har blitt gjort rekognisering på førehand, seier Johannessen.

Bildet over er av to utlendingar som i oktober i fjor gjekk og kjente på dører og såg i postkassen til folk i Varåsen.

– Ser de etter kart eller notatblokker når de snakkar med tiggarar eller seljarar?

– Vi skulle gjerne gjort det, men vi skal ha god grunn til mistanke før vi for lov å ransaka dørseljarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.