Sport | 17. apr. 2016

På rett veg

Berit Haukeland fekk fat for å ha gått Ulvenmarsjen i 25 år. Ho gjekk ikkje aleine. Heile 447 deltok i løpet av dei to dagene.

På rett veg
Berit Haukeland fekk fat for å ha gått Ulvenmarsjen 25 år av Erling Andersen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 17. apr. 2016 13:20

Etter å ha vore nede på 400 deltakarar for to år siden, har den tradisjonsrike Ulvenmarsjen fått ein oppsving. No ser arrangørane fram mot 40 årsjubileum om to år.

– Ja, eg trur det blir ein førtiende gang. Så lenge vi har meir enn 400 deltakarar held vi fram. I år er det jo i tillegg første gang vi får støtte frå kommunen gjennom KUP-midla. Det var overraskande og positivt, seier Erling Andersen.

Auka med 15

I år gjekk 248 laurdag og 199 søndag. Totalt 447 har gått en 14 kilometer runden om Ulven og Nore Neset. 15 meir enn i fjor.

– Det var fleire som gjekk laurdag i år enn i fjor. Vi hadde eit lønnleg håp om å bikke 500 totalt, men det gjekk ikkje. Likevel opplever eg at trenden har snudd og at vi no er på ein oppadgåande veg igjen.

God stemning

Andersen rapporterer om god stemning blant deltakerane og ute i løypa.

– Ja, folk har vore veldig nøgd med både arrangementet og vêret. I år trakk vi òg ut ein gyngestol frå Sælen møbler til ein av deltakerane. Stefan Henriksen frå Arna, men med røter på Moberg var den heldige vinnaren, fortel Andersen.

Gjekk for 25. året

Ei av dei som stadfester at det var god stemning ute i løypa er Berit Haukeland. Då ho kom innatt til Ungdomsskulen fekk ho inngravert fat for å ha gått Ulvenmarsjen 25 år.

– I år var det veldig bra spørsmål Erling, skraut Haukeland då ho kom i mål.

Den spreke dama fortel at ho liker å helde seg i form, både med å vera med i Ulvenmarsjen, men òg gjennom å løpe på fjellet og halvmaraton.

– No har eg jo òg fått med meg ungdommane i huset til å gå Ulvenmarsjen. Det er viktig å støtte opp, når idrettslaget arrangerer, påpeiker Haukeland.

Andre som fekk utmerking for mange års deltaking var:

Julia Elisabeth Hauge (30 år på rad), Per Arne Vaktdal (25 år på rad), Kari Santorv Andersen og Victoria Alice F. Brurås (20 år på rad), Rigmor Torget og Arthur Lillefosse (10 år på rad), Reimund Lunde (25 år), Gunnar Skåtøy (20 år).

Bjørn Helgesen blei eldste deltakar, 85 og eit halvt år gamal.

Joakim Sælen vann konkurranseklassa med tida 1.09.14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.