På skattejakt med GPS
Du kan finne mange skjulte skattar i Os om du tek med deg GPS eller mobiltelefon. Vi testa Geocaching.
Geocaching er kort fortald orientering ved hjelp av GPS-koordinatar. Dei første skattane blei lagt ut i USA i 2000, kort tid etter at det blei opna for nøyaktige, sivile GPS-ar. Fram til då hadde eksakt nøyaktigheit på GPS vore forbehalden militæret.
Den første geocachen som blei lagt ut i Noreg blei lagt ut i Bergen i 2001. I dag finn du omlag 6.700 skattar gøymd over heile landet og vel 2800 på vestlandet.
42 på Os
Også i Os har skattane, eller Turboksane, som miljøet sjølv kallar dei gjømde boksane vakse om seg.
I dag finn du 42 boksar spreidd meir eller mindre over heile kommunen, ved Oseana, langs Osbanen og på Solstrand for å nemne nokre.
Felles for dei fleste boksane er at dei er plassert på stader det er verdt å besøka anten av historisk grunn, for å oppleve ein flott utsikt eller bygning/installasjon.
I fleira av turboksane ligg det informasjon om kvifor den er plassert nettopp der. På den måten får du deg ikkje berre ein tur, men òg nyvunnen kunnskap.
Passar for alle
Du treng ikkje spesielle kunnskapar for å drive skattejakta. Stadig fleire finn ut at det er ein måte å kome seg ut i naturen og opp frå sofaen på.
- Det er ikkje mykje vanskeleg å få ungane med ut, når eg fortel at vi skal på skattejakt, fortel ein av jegerane Midtsiden møtte i helga.
Alt du treng av utstyr er ein GPS. Kor turboksane er gøymde finn du på geocaching.com. Om du lar sida få finna ut kor PCen din er plassert listar han opp dei næraste.
Med kart på mobilen
Har du ein smarttelefon kan du gjøra det enno enklare. Lastar du ned appen Geocaching (kostar riktignok 70 kroner) får du heile vegen vita kor turboksen ligg og kor langt du unna du er.
Appen er såpass enkle å bruke at sjølv denne journalisten klarte å finna skatten på fyste forsøk. På veg utover moloen ved Oseana på jakt etter skatten fortalde heile vegen appen meg kor langt eg hadde att, og då eg gjekk forbi den fekk eg beskjed om at no var avstanden igjen iferd med å auka.
Då appen fortalde at eg berre var ein meter unna var det berre å byrja å sjå mellom sprekkar og bak steinar etter ein boks som ikkje høyrde heime der. Og eg fann han!
Alle kan laga skatt
Bergen og Omland Friluftsråd (BFO) er ein av dei organisasjonane som har lagt ut fleire turboksar. I samband med 70 årsjubileet i 2007 sendte dei 16 skattar ut på nokre av friluftsområda sine. Skattar som no fem år seinare har reist meir eller mindre heile verda rundt.
For det er nemleg noko av moroa med geocaching: Kva skjular seg i skattekista du finn?
Ein uskreven regel er at du gjer som blånissane. Du "lånar" noko og legg noko tilbake. Ta difor med deg små "gåver" som du kan legga att i turboksen når du finn den.
Enkelte stadar finn du såkalla travelbugs. Dette er skattar som dei BOF la ut, som du skal ta med deg på neste skattejakt.
Men, det er nok ikkje organisasjonar som er ivrigst til å legga ut skattar. Veit du om ein spennande plass i nærleiken som du vil att også andre skal oppdage. Det er berre å legge ei skattekiste der så kjem dei.
Sjå meir på geocaching.com, vestlandscaching.no eller gcinfo.no