Lokal | 24. juni 2015

På strak arm med brannvesenet

Sjå bildeserie - og dei fine detaljane - på den 32 meter lange liften som blei levert til Os kommune og Os brann- og redningsteneste i dag.

På strak arm med brannvesenet
Liften kan styrast frå korga - og frå bilen der Gitle Smaadal sit. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juni 2015 10:54

Bildeserie:

Bjørn Egenes gav nøklane til ordførar Bruarøy, som leverte vidare til Gjøsund. (Foto: KVB)
Bjørn Egenes gav nøklane til ordførar Bruarøy, som leverte vidare til Gjøsund. (Foto: KVB)
Sånn ville redning på rådhuset sett ut med 12 meter stige. (Foto: KVB)
Sånn ville redning på rådhuset sett ut med 12 meter stige. (Foto: KVB)
Monica Engelsen (t.h.) har bakt kaka. (Foto: KVB)
Monica Engelsen (t.h.) har bakt kaka. (Foto: KVB)
Så var det demo av liften - 32 meter opp i lufta. (Foto: KVB)
Så var det demo av liften - 32 meter opp i lufta. (Foto: KVB)
Heile bilen er løfta opp av støttene. (Foto: KVB)
Heile bilen er løfta opp av støttene. (Foto: KVB)
Lensmann Oddbjørn Dyrdal var blant dei som fekk seg ein tur. (Foto: KVB)
Lensmann Oddbjørn Dyrdal var blant dei som fekk seg ein tur. (Foto: KVB)
Kjersti Mellingen saman med Arne Monsen og Bjørn Egenes. (Foto: KVB)
Kjersti Mellingen saman med Arne Monsen og Bjørn Egenes. (Foto: KVB)
Med mikrofon: Smaadal lo godt av vitsane som blei fortalt i korga. (Foto: KVB)
Med mikrofon: Smaadal lo godt av vitsane som blei fortalt i korga. (Foto: KVB)
Sjefane i Os på toppen av Os, rådmann Rekve og ordførar Bruarøy. (Foto: KVB)
Sjefane i Os på toppen av Os, rådmann Rekve og ordførar Bruarøy. (Foto: KVB)
Korga har også båre. Her er Rosvold på veg opp til 32 meter. (Foto: Os brannvesen)
Korga har også båre. Her er Rosvold på veg opp til 32 meter. (Foto: Os brannvesen)
Liften kan også brukast som kran, for eksempel for å løfta eit bilvrak. (Foto: KVB)
Liften kan også brukast som kran, for eksempel for å løfta eit bilvrak. (Foto: KVB)
Ubemanna korg kan brukast til sløkking. På korga er det kamera. (Foto: KVB)
Ubemanna korg kan brukast til sløkking. På korga er det kamera. (Foto: KVB)
... og sløkkeutstyr. (Foto: KVB)
... og sløkkeutstyr. (Foto: KVB)
32 meter over bakken. (Foto: KVB)
32 meter over bakken. (Foto: KVB)
1 av 14

I dag fekk Os kommune overlevert den nye bilen med lift som gjev Os høgdeberedskap. Fungerande ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) tok imot nøklane frå Bjørn Egenes frå Egenes Brannteknikk AS, og sa at ho såg fram til ein tur i høgda før ho leverte nøklane vidare til brannsjef Stein Gjøsund.

Bilen er ein Scania 450 P med Metz 32 overbygg.

Her er nokre fakta om bilen og liften:

• Liften har plass til mannskap på 5 og båre. Os brannvesen har allereie testa båra, med Kristian Rosvold liggande på båra 32 meter over bakken. Rosvold jobbar både på ambulanse og i brannvesenet.

– Båra høyrer med bilen og er litt ulik den vi bruker i ambulansetenesta, så det er viktig at vi lærer oss å bruka den. Det kjentest trygt å ligga der, seier Rosvold, som sjølv har vore med i Bergen og redda folk med lift frå ein byggeplass.

• Liften har rekkevidde på 24 meter horisontalt og 7 meter under bilen (ikkje under vatn), om mannskap for eksempel skal ned ein skråing ved ei utforkjøring.

• Liften kan styrast frå korga eller frå styrestol nede på bilen.

• Korga har kamera, mikrofon og sløkkeutstyr, og kan gje brannvesenet auka rekkevidde også utan mannskap i korga, for eksempel om det er ein situasjon der bil og mannskap bør stå på avstand.

Takka politikarar og administrasjon

Ved sidan av å forklara fakta om bilen og teknisk, strategist og operativ trening med mannskapet, retta Gjøsund ei stor takk til administrasjonen og politikarane, i tillegg til intern prosjektgruppe på stasjonen.

– Det er ein lang prosess, både med avgjerd, finansiering og byråkrati når det skal investerast i utstyr av dette kaliberet. Utan god og bevisst innsats let det seg ikkje gjera.

Os brannvesenet har ved enkelte tilfelle, når det har vore redningsoppdrag på tak i Os, brukt lift frå Bergen.

– Sjølv om Bergen er ein stor kommune kan det hende at dei kan trenga hjelp av oss ein gong òg. At det er godt nivå på utstyr og kompetanse i småkommunane rundt Bergen er ein styrke for storkommunen i nord.

Kaka tok kaka

Før gjestane, rådmann, assisterande rådmann, ordførar, lensmann og presse, fekk seg ein tur i lufta, blei det servert mozell og kake.

Kaka blei nesten like mykje fotografert som bilen.

– Det er ein viss symbolikk i kaka. Her ser vi at det brenn på arkivrommet i rådhuset, og at vi prøver å sløkka med den lengste stigen vi har, som er på 12 meter, forklarte varabrannsjef Arne Monsen.

Ein av dei tilsette ved Os brannstasjon er Monica Engelsen, som med dinkake.no i ei årrekkje har drive med «kake-kunst», og som forma kaka som blei servert i dag.

– No rekk vi 20 meter lengre og kan både sløkka og redda i heilt andre høgder.

Eit fortrinn for næringslivet

Når Os kommune no har høgdeberedskap kan enkelte utbyggarar spara pengar.

– TEK 15 opnar for andre løysingar på høghus når kommunen har høgdeberedskap. Som eksempel kan eg nemna at Os Sjøfront ikkje hadde trengt å bygga to trappehus, eitt for å angripa eventuelle flammar, og eitt for evakuering, om vi hadde hatt denne liften før dei skulle bygga.

Byggebransjen i Os er stor og viktig og det er for tida fleire planar om bygg på mellom 4 og 8 etasjar.

– Då er det også ein fordel for kommunen at dei er førebudd på dette, også når det kjem til tryggleik, seier Gjøsund.

Les òg: Sjekk gliset og Brannsjefen vil opp i høgda

Midtsiden samleside: Brann og redning

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.