Lokal | 04. aug. 2011

På taket i Mobergsbakken

Ein bil med to unge jenter landa på taket etter å ha vore borti autovernet.

På taket i Mobergsbakken
Andris Hamretorsdag 04. aug. 2011 15:49

Om lag klokka 17.20 kom ein bil med to unge jenter på veg ned Mobergsbakken mot Osøyro borti autovernet så minst éin stopte blei knekt.

Bilen, ein Ford Fokus, fôr så over i motsett kjørefelt, traff ein fjellskrent og tippa rundt på taket.

- Det virka som om bilen kom fort, eg var redd eg skulle få han rett i fanget, fortel eit vitne som var på veg opp Mobergsbakken då ulykka skjedde.

- Heldigvis ser det ut som om det går bra med jentene.

Eiendomsmeglar Arild Vikøyr sat i ein av dei første bilane som kom til ulykkesstaden. Vikøyr har i 15 år kjørt ambulanse, men det var først då han gav seg at han opplevde å vera først på ein skadestad.

- Jentene kom seg ut av bilen på eigahand, fortel Vikøyr, som tok seg av dei to til redningsmannskap kom til staden.

Jentene er frakta frå staden i ambulanse. Dei gjekk sjølv inn i ambulansen.

Brannvesenet har snudd bilen. Politiet dirigerte trafikken forbi fram til redningsarbeidet var over.

Sjåføren sitt førarkort skal ifølgje BA.no vera beslaglagt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.