Politi | 18. aug. 2021

– På tide å sjekka at lysa fungerer

Politiet delte ut forelegg i går.

– På tide å sjekka at lysa fungerer
Skeisflaten. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. aug. 2021 07:21

Tysdag i 20.30-tida kontrollerte politiet ein moped på Skeisflaten.

Mopedførar, ein gut i tenåra, fekk pålegg omå visa mopeden fram for vegvesenet grunna mangel på lys og feil på skilt.

– I tillegg reagerte patruljen på farten, det skal ha sett ut som om den gjekk i godt over 45 km/t, som er maks lovleg fart, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Ein time seinare stoppa dei ein motorsykkel på Byvegen.

– Denne mangla baklys, og fekk forelegg. Den hadde også feil p skilt, og må visast fram for vegvesenet.

– Det står ikkje kva som var feil på skiltet, men ofte er det snakk om at det er vippa opp så det er vanskeleg å lesa.

Politiet oppmodar både motorsyklistar og bilistar å sjekka lys på køyretøya sine.

– Det blir stadig mørkare kveldar og morgonar framover, så då blir det ekstra viktig å vera godt synleg i trafikken.

Sola går ned klokka 21.30 i kveld, som er nesten to timar tidlegare enn i juni. I slutten av september er det solnedgang klokka 19.15.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.