På tide å opna kanalen igjen?
– Eg vil tru at kostnaden vil vera låg og verdien høg for ganske mange.


Kanalen mellom fastlandet og Lepsøy, av nokre kalla Horn-kanalen etter skipsmeklaren som hadde eigedom i området, blir stadig grunnare.
På 1980-talet var det enkelte friskusar som sto på vannski gjennom kanalen. Etter at denne delen av Lepsøyvegen blei retta opp og utbetra midt på 1990-talet, har det gradvis sige massar ned i kanalen.
I dag må du bera kajakken gjennom, med mindre du kjem på flo sjø. Før kunne du tilta motoren på ein småbåt opp og siga gjennom også på fjøre sjø.

– Tryggleik, friluftsliv og turisme
Asle Sjøsæther, ein hytteeigar som har hatt somrane sine ved sjøen på Storum i rundt 40 år, har sjølv tatt grep for å gjera kanalen noko meir brukbar.
– Eg og kameratar har gått på fjøre sjø og kasta store steinar inn til sida. Men nokre timar med gravemaskin nede i kanalen kunne gjort ein heilt annan forskjell!
– Eg veit ikkje om ein sånn jobb hadde kosta 20.000 eller 40.000 kroner, men eg vil tru at det ville vore ein smal sak i forhold til det du får igjen.

Initiativet handlar ikkje om at han sjølv skal få seg ein snarveg til Bunnpris Vedholmen, men å legga til rette for den aukande mengda padlarar og born i småbåt.
– Det er stor båttrafikk mellom Øyane og Skeisosen. Med meir open kanal vil mjuke trafikantar og folk i småbåtar få ei rolegare og tryggare rute.
Området rundt Geitarøya og gjennom kanalen er idyllisk i seg sjølv. Kanalen knyter dessutan saman andre fine delar av skjergarden, frå Nordstrøno og SKeisosen og vidare til Kvalsundet eller Hauglandssjøen.
– Ein meir open kanal kan òg gi betre utskifting av vatn i Skeisosen.

Aukande «behov»
Med åra har Sjøsæther sett fleire og fleire kajakkar i området, samtidig som det har blitt meir og meir vanskeleg å koma seg gjennom kanalen.
– Eg følgjer jo litt med i lokalavisene i Os, og ser at det har kome både padleklubb, firma som skal fremja turisme i eige område, nytt reiselivslag og firma som tilbyr kursing og turar.
– Samtidig er det nok mange individuelle padlarar. Når vi no går inn i ein sommar der dei fleste skal feriera heime, og båtsalet har tatt av, ville det jo vore fint om kommunen hadde sjanse å snu seg raskt rundt.
– Skjergarden i Os er jo flott for båtturisme og padling frå før. Med denne kanalen knyter du saman fleire fine område.
7 år sidan første initiativ
Sjølv var initiativtakar i dialog med Bergen og Omland Havnevesen om saka i oktober 2013.
Då fekk han dette svaret:
Vi har dessverre ikke mulighet/kapasitet til å gjennomføre en mudring av denne kanalen og denne type arbeid faller utenfor de oppgaver vi er satt til å ivareta. Imidlertid har dere mulighet til selv å gjennomføre jobben dersom dere innehar nødvendige tillatelser. Mudring regnes som et tiltak i sjø og er søknadspliktig etter havne og farvannsloven. Se vårt søknadsskjema på bergenhavn.no. I tillegg må dere søke Os kommune. Dere må selv bære utgiftene i anledning saken.
I 2014 var han i dialog med den gong ordførar Terje Søviknes, i 2015 sendte han innspelet til alle partileiarane i samband med at dei ba om innspel i valkampen.
– Alle var jo positive, men det skjedde ikkje noko meir. Om dei liker ideen, og har eit budsjett for friluftsliv å ta av, så kan det jo henda at kanalen blir litt djupare om ikkje så lenge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.