Sport | 23. des. 2014

På triksecamp i Os

VIDEO: Sondre Ødegård Aksnes (16) har trappa ned med fotball - for å triksa meir med ball. I helga hadde han besøk.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. des. 2014 10:20

– Eg har alltid likt å triksa, men det var Preben som fekk meg skikkeleg i gang, seier Sondre om slektningen frå Vaksdal som no har flytta til Os.

Då han var liten sto han time etter time i ballbingen på Kuhnle, ofte etter at kameratane hadde gått heim. No riggar han seg helst til i pappa sin garasje med ein bærbar høgttalar og eit kamera. Det er viktig å fanga triksa på film.

Les òg: Er dette noregsrekord (med video)

– Det var ekstra stas då Preben kom på besøk. Dei siste åra har han budd i Os så no har eg trappa opp. Eg speler framleis fotball på Os, men satsar mest på triksing no. (Sjå også intervju med video, tatt på Oseana, av Vidar Langeland for BA.no)

Lite og godt miljø

Både Sondre og Preben var blant dei 13 deltakarane i årets NM. Det blei ikkje nokon god plassering, men ein god porsjon med erfaring og motivasjon.

– I NM triksar vi to og to mot kvarandre i 3 x 30 sekund. Det blir dømt på vanskelighetsgrad, kreativitet og stil, men også på respons frå publikum, fortel Preben Kleppe Lilletvedt (17).

– Miljøet er lite, med rundt 40 aktive triksarar i Noreg, og veldig inkluderande og godt. Folk deler videoar og backar kvarandre opp.

Lagde treningsleir i Os

I helga hadde Sondre og Preben invitert triksarar frå Bergen og Oslo til triksecamp på Os. Triksarane frå Bergen blei opptatt, men Tommy Sagmoen (18) frå Oslo kom, først til Bergen for å triksa heile dagen med bergensarane, så til Os.

– Eg triksa frå klokka 13 til 20 i går. Dei andre måtte gå på ettermiddagen, så dei siste fem timane sto eg åleine, fortel Tommy, innstilt på å få mest mogleg ut av førjulsturen over fjellet.

– Vi triksarar har mykje kontakt på nettet, men det er kjekt å av og til få triksa saman.

Heile laurdag og heile søndag sto dei tre triksarane å leika seg i gymsalen på Os ungdomsskule.

Show og samhald

Sondre er den einaste av dei tre fotballsjonglørane som framleis er aktiv med organsiert fotball. Dei tre fortel om spennande øving og om aukande interesse for triksing.

– Det er alltid eit nytt triks å læra seg. Nokon er best på overkroppen og hovudet, uppers, som vi kallar det, andre er best med beina, eller sitjande.

– Når du skal bli betre kan du gjerne øva inn eit enkelt triks, men det er viktig først å ha orden på basicen, anbefalar Preben, som no er utvekslingsstudent i Wales.

Forutan øving og NM hender det at dei tre stiller opp, eller blir drege med, på ulike show. NM gjekk under Norway Cup, og då var det fleire av triksarane som fekk vist seg fram. Sondre var i oktober ein tur til Manchester, der han møtte ein dyktig triksar som sto på gata. Triksaren var rask med å kasta ballen til Sondre, som blei ståande å halda show saman med den meir erfarne engelskmannen.

– Eg er booka til å triksa for Tertnes Fotball på eit arrangement neste år. Det er veldig kjekt å bli invitert og å møta andre triksarar, ikkje minst dei unge, som ofte er flinke til å bruka mykje tid med ball utanom treningstida, seier Preben.

VIDEO: Sjå Sondre, Preben og Tommy leika seg på camp i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.