På TV i kveld
Måndag kveld viser Eurosport handbak frå konkurransen Arm Wars, der osingen Frode Veim Haugland gjorde god figur.


I juli vann Frode Veim Haugland Arm Wars i England, men det er frå stemnet i vår du i kveld får sjå Frode i aksjon på Eurosport 1.
- Det første stemnet hadde ikkje finalar, det var meir show. Men det er alvor i kampane likevel, seier Frode.
Klokka 20.30 måndag startar det 30 minutt lange handbak-programmet. Dette er tredje gong Frode blir vist på Eurosport.
- Det er morosamt og litt rart å sjå seg sjølv på TV. I tillegg til i kveld blir det vist meir neste måndag. Så kjem vel sendingane frå stemnet eg vann seinare i haust, trur Haugland.
Arm Wars på Mallorca - VM i Italia
Om to veker er det ny Arm Wars, då på Mallorca. Etter dette er det VM i Italia.
- Vi reiser fem brytarar frå Os Håndbak Klubb til VM 6. september.
I tillegg til Frode er det Are Strønen, Øyvind Birkeland, Tore Matre og Arne Thuen som skal kjempa om å få årets VM-tittel til Os.