midtsiden

På vakt frå onsdag

Det var tett mellom cowboy-parkeringane i Os i dag. Frå onsdag blir reglane handheva.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ny merking av parkeringsplassane og ny skilting i sentrum er framleis ikkje ferdig, og parkeringsskivene kan du også venta med å ta i bruk.

Men no har parkeringsvert Elisabeth Thomassen fått uniformen sin og over helga kjem fagplanen og PDA-en, apparatet ho registrerer feilparkeringane med, så frå og med onsdag får generelle syndarar svi.

– I starten kjem eg til å kontrollera parkering i forhold til dagens skilting og i forhold til vegtrafikklova, for eksempel parkering i nærleiken av fotgjengarovergangar, seier Thomassen.

– Eg ventar nok med handheving av 2-timarsregelen, men det kan koma reaksjonar ved grove overtramp.

Også avtale om midlertidig pendlarparkering er på plass, i løpet av juni kan du som pendlar få oblat frå Hordaland fylkeskommune og velja mellom 50 plassar nærmast Elvebakken på parkeringsplassen til Rema 1000 Kuvenstasjon.

Framleis gratis

Både Thomassen og Os Sentrumsforening har inntrykk av at det framleis herskar mykje tvil om parkeringsreglane og den komande handhevinga av desse.

– Det er framleis gratis å parkera i Os, du treng ikkje p-skive (som er tilnærma gratis), så lenge du skriv på ein lapp kor tid du sette bilen frå deg, og det kjem med ny merking endå fleire parkeringsplassar i sentrum, seier leiar i OSF, Renate Iversen.

7.000 kroner på 5 minutt

Då vi møtte parkeringsverten i Os sentrum i dag brukte vi berre fem minutt på å finna 14 feilparkerte bilar (sjå bildeserie over).

Med gebyr på 500 kroner per feilparkering gjev dette ei rask inntekt på til saman 7000 kroner.

– Det er tydeleg at det er mange som bør endra vanene sine, seier Thomassen.

– Kvir du deg til å byrja å bla i bøteheftet?

– He, he, nei, det gjer eg ikkje. Litt kjeft blir det sikkert, men eg ser fram til å koma ut i felten å byrja med jobben min. 

Dårleg skilting

På Teigenhus-tomta har det kome nye parkeringsplassar, merking av plassane i sentrum vil, saman med einvegskjørt Brugate og saksa parkering i denne gata gje endå fleire plassar.

– Os Sentrum får cirka 60 ekstra parkeringsplassar. Vi venar framleis på skiltplanen, når den er klar kan det merkast og skiltast på nytt, fortel Iversen.

Dagens skilting er ikkje heilt i lodd. Parkeringsforbodsskiltet utanfor Oshjørnet er røska vekk, underskiltet til innkjøring forbode-skiltet ved Postvegen er vekke, så der går det ikkje lenger fram at innkjøring forbode berre gjeld kveld- og natt.

Syndarar utanfor sentrum

Parkeringsverten skalø ikkje berre farta rundt i Os sentrum, ho har ansvar for å handheva reglane i heile kommunen.

– Eg har fakisk fått inn ein god del tips allereie, både frå bustadfelt i Varåsem, Prestegardsskogen og Steinneset, og frå Halhjem, der dei fortel om lastebilar som parkerer på busslommer.

– Det blir ein del patruljar ut av sentrum, og publikum som har tips om gater som er verdt å besøkja må berre ta kontakt, oppfordrar Elisabeth Thomassen.

Fleire saker