Kultur | 09. mars 2017

På veg til fire store jobbar i USA

Kream, som i dag blir lanserte som Osfest-aktuelle, har eit tett og spennande program i USA den komande veka.

På veg til fire store jobbar i USA
Daniel og Markus Slettebakken i Kream har spelt éin gong i USA før. No ventar fire jobbar på éi veke. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. mars 2017 09:23

I dag gjekk Osfest ut med at Os-brørne Markus og Daniel Slettebakken i Kream, som no har passert utrulege 55 millionar avspelingar på Spotify med låta «Taped up heart», er klare for å spela på heimebane i Os sentrum i august.

• Les òg: Kream passerte Aurora

– Vi gler oss veldig til å spela heime i Os. Mange venar og kjente har følgt med oss, og særleg den siste tida har det kome hyggelege meldingar frå venar eg ikkje har snakka med på lenge.

– Å få spela på Osfest og få treffa mange av desse igjen er noko vi gler oss veldig til, seier Markus Slettebakken.

• Les òg: Får internasjonal merksemd

På veg til fire konsertar i USA

I dag sit Kream på fly på til USA, på veg til fire større spelejobbar på spennande klubbar, med kapasitet på 1500-2000 innandørs, og ein stor festival.

I morgon landar brørne Slettebakken, og då går turen rett til klubben 1015 i Folsom, San Francisco, der dei fredag kveld er blant fire band/artistar som skal på scenen.

Så går turen til Austin, Texas, til det store konglomeratet av ein interaktiv media-, film- og musikkfestival, South by Southwest (SXSW).

SXSW varer i 10 dagar, 6 av dei er med musikk. Musikkfestivalen åleine har over 50.000 gjestar. Her skal Kream spela to dagar, onsdag og torsdag.

Tilbake til vestkysten fredag 17. mars ventar spelejobb på legendariske Avalon Hollywood, bygd i spansk barokk-stil i 1927, med kapasitet på 1.500 gjestar.

– Vi har spelt i USA berre éin gong før, på eit promo-arrangement av Absolut Vodka i New York. Det blir travelt, men det blir nok òg eit lite eventyr. Vi vil òg prøva å få til nokre sessions med nokre folk i LA før heimreise.

På skrivecamp i Sverige

I januar signerte dei med plateselskapet Big Beat Records/Atlantic, som frå før har artistar som David Guetta, Matoma og Robin Schultz i stallen.

Kream har allereie kome med første låt på Big Beat, «Another life», som ligg på «white label».

Vinteren har elles gått med til å laga ny musikk.

– Vi kjem med minst éin singel til før sommaren, lover Markus.

Storebror Daniel er ferdig på skule i Danmark og bur no i Bergen, Markus bruker ledig tid til å prøva å skriva ferdig bacheloroppgåve i Kristiansand.

– I januar blei vi invitert til ein skrivecamp i Stockholm, som var ei god erfaring.

Ferske musikarar på veg opp kan søkja seg til Stockholm Songwriting Camp, som blant andre Björn Ulvaeus frå ABBA har sponsa sidan oppstart i 2015. Björn er partnar i SKAP (Swedish Society of Songwriters, Composers and Authors).

– Vi sat i tre dagar, i ulike grupper frå dag til dag, og jobba saman med å skriva musikk. Det var både lærerikt og gøy, synest Markus Slettebakken.

Speler i Grimstad i juli

Kream er, som blant andre Astrid S og Carpe Diem, booka til festivalen Skral.

Skral blir arrangert tysdag og onsdag 11. og 12. juli, på det idylliske friluftsområdet Groos i Grimstad.

Kream skal spela seint tysdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.