Kultur | 20. mai 2015

Pakka ut Pushwagner

Oseana: Dette maleriet har aldri før vore vist. – Malinga var knapt tørr då eg fekk det med frå Oslo, fortel Gathe om «Kunstnernes hus».

Pakka ut Pushwagner
Oseana-kurator Marianne Gathe er klar til å avdekka «Kunstnernes Hus» (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 20. mai 2015 13:28

Bildeserie:

Bileta var godt pakka inn for å ikkje bli skadd over fjellet (foto: AH)
Bileta var godt pakka inn for å ikkje bli skadd over fjellet (foto: AH)
Eit fargespel i ferd med å avdekkast (foto: AH)
Eit fargespel i ferd med å avdekkast (foto: AH)
Kunstnarar i kunstsamlinga (foto: AH)
Kunstnarar i kunstsamlinga (foto: AH)
Det er mange detaljar og fargenyansar å oppdaga når Gathe studerar bilete (foto: AH)
Det er mange detaljar og fargenyansar å oppdaga når Gathe studerar bilete (foto: AH)
Gathe studerar eitt av dei andre måleria ho har fått med frå Pushwagner (foto: AH)
Gathe studerar eitt av dei andre måleria ho har fått med frå Pushwagner (foto: AH)
1 av 5

Fredag 29. mai opnar den største Pushwagner-utstillinga i Noreg i 2015 – i Griegsamlinga på Oseana. Måndag denne veka var kurator Marianne Gathe i Oslo og henta med seg heim dei mange verkene.

– Det er ei samling bilde som er verdt ganske mykje pengar. Vi snakkar om fleire hundre tusen.

– Berre dette eg skal opna no ligg nok på ein plass mellom 400.000 og 600.000 kroner.

– Eg kan forsikra deg om eg var ikkje langt unna bilen då eg stoppa for ein matbit på veg over fjellet, ler Gathe i det ho byrjar å pakka ut «Kunstnernes Hus».

Knapt tørt

Måleriet, som er eitt av sju måleri i utstillinga, var knapt tørt då Gathe fekk det lasta inn i bilen.

– Manageren til Pushwagner kom med bildet rett frå studioet. Det at vi har heile sju maleri, og fleire av dei, som dette, heilt nye, er sjeldan.

– Pushwagner er kanskje mest kjent for trykk av forskjellige slag.

– Til utstillinga her i Oseana har vi ei rekkje av dei, men vi har òg fem håndkolorerte trykk, kor han har fargelagt eitt og eitt, forklarer Gathe.

Har pussa opp

I forkant av utstillinga har Griegsamlinga fått ei oppfrisking med nye farger.

– Det hadde vi planlagt uansett, men når vi no var i gang med å skifta utstilling, så passa det bra. Skilleveggane var byrja å bli slitt.

– Vi kjem til å bruke både Griegsamlinga og Hvelvet til denne utstillinga.

– I hvelvet kjem vi til å la bildet «Selvportrett» få ei heidersplass. Der inne kjem vi òg til å la dokumentaren om kunstnaren gå kontinuerleg på eine kortveggen.

Sympatiske priser

Utstillinga, er òg ei salsutstilling. Sjølv om enkelte av verka er i fleire hundretusenkronersklassen, så fortel Gathe at det vil vera mogleg å skaffa seg eit bilete på veggen frå kunstaren til langt meir sympatiske prisar.

– Han har ei ganske demokratisk prissetting på bilda sine.

– For eksempel startar svart/kvitt-trykka på 5000 kroner, avsluttar Gathe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.