Os hagelag sin første aktivitet etter sommaren er visning i Eva og Terje sin hage i Velumsbrekkene. (Foto: Privat/Os hagelag)
Os hagelag sin første aktivitet etter sommaren er visning i Eva og Terje sin hage i Velumsbrekkene. (Foto: Privat/Os hagelag)

Påkledd i Evas hage

Hagevisning og motevisning på Haugland.

Kjetil Vasby Bruarøy
08. august 2020 - 9:11

Torsdag 13. august inviterer Os hagelag til både hagevisning og moteoppvisning i Velumsbrekkene 40.

– Det er ikkje mange fikenblad i Eva og Terje Lunde sin hage på Haugland, seier Jan Helge Gram Eggestøl frå hagelaget.

Vertsskapen er likevel strategisk tildekt, i tillegg skal haustmote visast fram.

– Klesbutikken «Madam Ane» i Os sentrum, vil denne kvelden presentera haustkolleksjonen. Tove Tvedt, som eig og driv butikken, er sjølv ein ivrig hageentusiast, så då er det på sin plass med moteomvisning i hagen.

Tove Tvedt Skarstein viser haustmote frå Madam Ane i hagen til familien Lunde. (Arkivfoto: KVB)
Tove Tvedt Skarstein viser haustmote frå Madam Ane i hagen til familien Lunde. (Arkivfoto: KVB)

Eggestøl ser fram til å by på inspirasjon til både nytt antrekk og oppgradering av hagen.

– Eva og Terje har verkeleg ein vakker hage med stauder, roser og hagehus. Denne kvelden vil vi bli vist rundt og får oppleva dette smykket av ein roleg og samstemt hage.

Det blir servering av kaffe og kaker og tid til prat og triveleg samvær.

 

 

Les meir om

Kultur