Lokal | 27. aug. 2014

Påkøyrd hjort og rev

Rev og hjort påkøyrd. Åtte forenkla forelegg etter trafikkontroll. Plagsom bergenser i Os sentrum.

Påkøyrd hjort og rev
Ein hjort blei påkøyrd på Drange tysdag kveld (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 27. aug. 2014 09:48

I 12-tida tysdag blei ein rev påkøyrd i Mobergslia.

– Den skal ha løpt vidare ut i terrenget etter påkøyrselen.

– Viltkontakten blei varsla og skulle søkje etter den, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Hjort på Drange

Seinare tysdag, klokka 2245, var det ein hjort som fekk eit ublidt møte med et køyretøy.

– Det skjedde ute på Drange.

– Også der stakk dyret vidare ut i terrenget etter påkøyrselen, og igjen kontakta vi viltkontakten for ettersøk, fortel politiførstebetjenten.

To kontrollar

På dagtid tysdag hadde patrulja frå lensmannskontoret to trafikkontrollar.

– På Nore Neset blei det skriven ut sju forenkla forelegg.

– I 50 sona i Industrivegen fekk to forelegg for å køyra for fort, fortel Hadler-Olsen.

Dei to blei båe målt til 58 km/t i 50-sona.

Trugande bergenser

I 18-tida fekk politiet melding frå apotektet i sentrum om ein plagsom og trugande mann.

– Patrulja rykte ut og traff på mannen i 30-åra i Os sentrum.

– Vi tok ein prat med han og gav han pålegg om å forlata Os.

– Mannen som er heimehøyrande i Bergen forlot Os med bussen, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.