Lokal | 22. nov. 2018

Påkøyrd i fotgjengarovergang

Ein person er køyrd til Haukeland etter ulykke på Søfteland.

Fotgjengar var frakta frå staden i ambulanse då Midtsidens utsendte kom til staden. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. nov. 2018 12:09

Torsdag i 12.20-tida kom det melding om trafikkulykke på E39 Byvegen.

– Ein person er påkøyrd i fotgjengarovergangen ved Joker-butikken, opplyser politiet via Twitter.

Vedkomande var bevisst då politiet kom til staden, men er køyrd til Haukeland universitetssjukehus for sjekk.

Trafikken gjekk greit forbi etter ulykka.

Midtsiden har ikkje fått alder eller kjønn på fotgjengar eller bilist.

Eit vitne som køyrde forbi staden seier at låg sol var svært blendande for trafikantane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.