Lokal | 27. mars 2019

Påkøyrd katt, bjeffande hundar og fastkøyrd campingvogn

Politiet har dessutan stramma opp ein kar som hadde styla faren sin bil.

Påkøyrd katt, bjeffande hundar og fastkøyrd campingvogn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. mars 2019 09:59

Politiet i Os har hatt varierte oppgåver det siste døgnet, utanom utførkøyringa der ein bil hamna på taket på Ulven tysdag kveld.

Tysdag morgon fekk dei melding om ein bil med campingvogn som sto til hinder på Ole Bulls veg.

– Det var ein utanlandsk bil og vogn, der bilen hadde stoppa og var tom for straum. Dei fekk assistanse av UP til å få tak bergingsbil, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

På ettermiddagen, klokka 16.40, fekk politiet melding om funn av påkøyrd katt på Søre Neset. Katten, som er grå og kvit, var chippa. Den er levert til Os Dyreklinikk. Politiet minner om at du skal melda ifrå om du køyrer på eit dyr.

I løpet av gårsdagen kontrollerte politiet ein bil. Denne viste seg å ha påmontert eit seinkesett som ikkje var i tråd med kva som står i vognkortet. Bilførar, som er son til bileigar, fekk pålegg om å anten få dette godkjent, eller å fjerna det.

Natt til onsdag har ein innbyggar i eit bustadområde litt utanfor Os sentrum blitt halden vaken av to bjeffande hundar. Dette skal ha skjedd fleire gongar, og politiet følgjer opp saka i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.