Påmeldingsfrist til UKM publisert i dag
I fjor fekk kommunen UKM i gang igjen. Også i år blir arrangementet i Os Aktiv.
I fjor, fem år etter førre UKM, var arrangementet i gang igjen også i Bjørnafjorden.
UKM, eller Ung Kultur Møtest, er ein møteplass kor kreativ ungdom mellom 13 og 20 år kan visa fram sine talent og møte andre ungdommar.
Har du eit talent du vil dela?
Påmeldingsfristen er 3. februar 2025, opplyser Bjørnafjorden kommune i dag.
Du kan delta med song, dans, musikk, video, design, byggverk i Minecraft, ein tekst du har skrive, ein TikTok du har laga – eller noko heilt anna.
Du kan velja å vise fram noko du allereie driv med, eller læra noko nytt gjennom UKM-workshopane. Det kan vera på scenen, bak scenen eller som arrangør.
Kan gå vidare til Trondheim
Den lokale festivalen for UKM Bjørnafjorden 2025 går av stabelen laurdag 15. februar på Os Aktiv, og ungdommar i Bjørnafjorden får då sjansen til å visa fram kva dei kan.
- Eit fagpanel vil vurdera bidraga som kjem inn og dei vil velja ut kva som går vidare til fylkesfestivalen i Åsane kulturhus 25. til 27. april.
- Så vil dei beste bidraga bli plukka ut til å delta på UKM-landsfestivalen i Trondheim 20. til 24. juni.
Dersom du deltar som ei gruppe, er regelen at minst halvparten av medlemmane må vera innanfor aldersgrensa, men ingen under 13 år (året du fyller 13) kan sendast vidare til fylkesfestivalen.
For konferansierar og arrangørar er aldersgrensa 15 til 20 år for å kunna gå vidare til fylkesfestivalen.