Par frå Bjørnafjorden var involvert i dødsulykka på E16
To tyske statsborgarar omkom i ulykka.

Søndag klokka 09.59 blei politiet varsla om ei alvorleg trafikkulykke i ei 70-sone på E16, ved Seimsvatnet mellom Voss og Evanger.
Det var tre bilar involvert, og to personar i kvar av bilane. To av dei seks personane omkom i ulykka, dei fire andre blei køyrd til sjukehus.
I dag går Vest politidistrikt ut med opplysingar om dei involverte.
Det var to tyske statsborgarar som omkom, ei kvinne på 53 år og ein mann på 58 år. Begge budde i Tyskland, pårørande er varsla.
Dei andre involverte i ulykka er eit sambuarpar i 50-åra frå Alver kommune. Kvinnen er alvorleg skadd, mannen er lettare skadd.
I den tredje bilen var eit sambuarpar i 60-70-årene frå Bjørnafjorden kommune. Begge desse er lettare skadd.
Det er Voss politistasjon som etterforskar saka i samarbeid med blant andre ulykkesgruppa til Statens vegvesen. Etterforskninga så langt gir politiet grunn til å tru at bilen med det tyske paret kom over i motsett køyrefelt, der dei råka dei to andre bilane.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.