Lokal | 15. jan. 2014

Parkering – ein nøkkel

Stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro: Vil byggja parkeringshus for å få liv på øyro.

Parkering – ein nøkkel
Parkeringshus på bussterminal-tomta er nøkkelen til meir liv i følgje stads- og moglegheitsanalysen (foto: Andris Hamre/ill: Asplan Viak)
Andris Hamreonsdag 15. jan. 2014 09:26

"For å kunna skapa eit nytt og funksjonelt Osøyro, må ein få kontroll på parkeringssituasjonen. Det er for mykje overflateparkering i dag, og denne tar for mykje plass som kunne vore nytta til andre formål".

Det er grep nummer éin i følgje Asplan Viak sin stads- og moglegheitsanalyse for Osøyro.

Les òg: Slik kan Osøyro bli

– Å organisera parkering har fleire formål. Parkering er eit av dei viktigste verktøya for å styring av fotgjengarrøysler.

– Gjennom dette kontrollerer ein kor folk skal gå, frå bustaden til bilen, frå bilen til arbeidsplassen. Om ein i tillegg lokaliserer funksjonane langs desse aksane vil ein kunne skapa eit godt grunnlag for næring og handel, forklarte Fredrik Barth, prosjektleiar i Asplan Viak.

Tre hovudparkeringar

Reguleringsplanen for Landboden skal handsamast i plan- og bygningsutvalet kommande veke. Der er det lagt opp til eit parkeringshus under grusbanen ved ungdomsskulen.

– Her kan til dømes langtidsparkering og arbeidsparkering ligga. Dei som parkerer her, vil kunne røra seg i det grøne sentralrommet i Os, heilt ned til arbeidsplassen eller butikken ein skal til.

Bustadsparkering foreslår Asplan Viak bør vera delt. Ein parkeringsplass per 100 kvm bustad på eiga tomt, med gjesteparkering og eventuellt bil nummer to i fellesanlegga.

– Vi foreslår også å etablera eit stort parkeringsanlegg over dagens kollektivstasjon. Her kan nær all parkering i Osøyro samlast.

– Vi meiner dette parkeringsbygget kan få ei viktig rolle i utviklinga av Osøyro, og at ein bør sjå på bygget som sjølve katalysatoren i transformasjonen som skal skje, fortalde Barth, som på skisser viste at det er plass til eit parkeringshus på omlag 40 x 75 meter der bussterminalen ligg i dag om ein flyttar byvegen nokre meter.

– Kan gjerast spennande

Den komane bussterminalen har ein tenkt lagt på gateplan under parkeringsetasjane.

– Kor mange etasjar ein skal ha med parkering er opp til dykk.

– Terrengform, landskap og utforminga av Osøyro er robust og tåler ein del bygg.

– Omsynet til andre og eksisterande bygg, og soltilhøve på uteområder er dei faktorane som bør vurderast opp mot utnyttingsgrad og byggehøgder, meinte Barth.

– Når det gjeld sjølve utforminga av parkeringshuset, så er norske parkeringshus tradisjonelt fryktelig kjedelige.

– Det treng dei ikkje vera. Ein kan til dømes henga "boksar" utanpå som bryt det opp og som gjev både ein funksjon i form av næringsareal og som eit estetisk uttrykk, påpeika prosjektleiaren, som viste til Herzog & de Meuron sitt parkeringshus i Miami som eit døme på ein spennande kombinasjon av fleirbruk.

Fylket positive

I samband med handsaminga av utbygginga av Midtpunkt har kommunen vore i dialog med Statens Vegvesen og fylkeskommunen.

– Midtpunkt har i si regulering lagt opp til eiga parkeringshus framfor kyrkjetunet.

– I dialogmøter med utbyggar, fylkeskommunen og Statens Vegvesen har vi blitt einige om at dei innsigelsane som har kome mot dette kan løysast ved at dei kjøper plassar i det nye parkeringsanlegget.

– Fram til parkeringshuset står ferdig kan dei kjøpa seg fri i tråd med den frikjøpsordninga vi allereie har, orienterte ordførar Terje Søviknes (Frp), som òg ser for seg ein moglegheit for å etablera pendlarparkering i det framtidige parkeringshuset.

Les òg: Fylket løyver 10 millionar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.