Politikk | 28. nov. 2021

Partiet De Kristne etablerte lokallag i går

Dei viktigaste sakene for Bjørnafjorden PDK.

Partiet De Kristne etablerte lokallag i går
Styreleiar Magne Djuvik og styremedlem Sylvia Lyssand Selmi saman med Tomas Moltu i valkamp i august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. nov. 2021 08:06

Pressemelding:

Partiet De Kristne (PDK) har laurdag 27. november etablert lokallag i Bjørnafjorden kommune.

Stiftingsmøtet valde følgjande styre:
Magne Djuvik, leiar
Rune Samnøy, styremedlem
Sylvia Lyssand Selmi styremedlem
Stein Undheim, varamedlem

Det nye styret si hovedoppgåve er å førebu kommunestyrevalget i 2023.

PDK byggjer sin politikk på dei kristne verdiane som samfunnet vårt har bygd på i generasjoner.

I Bjørnafjorden kommune vil PDK arbeida for:

  • Nei til eigedomsskatt
  • Behalda dagens struktur innan barnehage og skule
  • Snarast starta planlegging av fleire omsorgsplassar for sjuke og eldre.
  • Seia opp byvekstavtalen, ein avtale som vil føra til meir sentralisering av kommunen vår. PDK vil ta heile kommunen i bruk.

Ønskjer du å vera med på laget og påverka utviklinga i denne flotte kommunen vår, ja då er du velkommen på laget!

Magne Djuvik

leiar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.