Lokal | 10. des. 2015

– Pasientane finn ikkje fram

– Det er faktisk flaut, synest ei av dei tilsette ved Kysthospitalet i Hagevik. Sjukehuset har to gongar fått avslag på betre skilting.

– Pasientane finn ikkje fram
Det er her, i rundkøyringa ved Uno X, at mange pasientar som skal til Kysthospitalet køyrer feil veg. (Foto: KML/KVB)
Kari M. Lyssandtorsdag 10. des. 2015 11:10

Bildeserie:

Sånn køyrer du til Kysten frå Byvegen ved UnoX og Meny. (Google Maps)
Sånn køyrer du til Kysten frå Byvegen ved UnoX og Meny. (Google Maps)
1 av 1
Sånn køyrer du til Kysten frå Byvegen ved UnoX og Meny. (Google Maps)

Dei tilsette ved Kysthospitalet opplever at pasientar ikkje finn fram til sjukehuset grunna mangelfull skilting. Med ny omkjøring fryktar dei no at det skal bli endå værre.

Kysthospitalet i Hagevik, «Kysten» på folkemunne, er ein del av ortopedisk klinikk i Helse Bergen og utfører årleg 1600 til 1800 inngrep og har 200 tilsette. I tillegg til operasjonsavdeling har dei sengeavdeling, røntgenavdeling, stor poliklinisk verksemd, og ryggklinikk og tek årleg imot over 10.000 pasientar.

Pasientar blir sendt her frå heile vestlandsregionen og fleire av dei har aldri vore i Os før, og endå mindre i Hagavik-området.

– Vi høyrer dagleg om pasientar som har hatt store problem med å finna fram til sjukehuset, fortel Tor Egil Sørås, spesialkonsulent på Kysthospitalet.

Hovudproblemet, i følge dei tilsette, er den manglande skiltinga i rundkøyringa på Byvegen, ved Uno-X.

Ikkje før ein har tatt av mot Stavanger og kjem i neste rundkøyring er det skilta, ikkje mot Kysten, men i det minste mot Hagavik.

– Dei fleste forstår då at dei skal ta av mot Hagavik.

Avslag to gonger

To gongar har sjukehuset sendt førespurnad til Statens vegvesen med ønske om betre skilting, begge gongane har det blitt avslag.

– I svaret på siste avslag skriv dei at skiltinga til Hagavik var god nok.

– Men problemet er at når dei tilreisande kjem til Uno-X og ser skiltet til Osøyro så trur dei at det er der dei skal, og ikkje mot Stavanger.

– Vi prøver alltid å finna tid til pasientane sjølv om vei kjem for sint, men med fulle timebøker er ikkje dette alltid mogleg. Vi har òg måtte sende heim pasientar til dømes fordi tolken har reist når pasienten kjem fram.

– Fleire fortvila pasientar

Sjukepleiar Liv Torhild Askeland, som arbeidar i mottaket på Kysten, fortel at dette har vore eit problem i mange år.

– Eg synest faktisk det er flaut, vi driv med så pass mykje poliklinisk arbeid for Helse Bergen her ute, så det skulle vore mykje lettare å finna fram.

Når Ulvenvegen ved Svegatjørn no blir stengt i fleire år og det blir omkjøring, så fryktar Askeland og Sørås at det blir endå fleire som ikkje kjem seg fram i tide.

– Eg har fått fleire fortvila pasientar innom døra som ikkje har funne fram, og dei får det i alle fall ikkje lettare no, seier sjukepleiaren.

– Må bruka kart

Midtsiden kontakta Statens vegvesen for å få deira uttale på kvifor Kysten ikkje fekk gjennom søknaden om skilting i rundkøyringa på E 39 ved Uno X.

Leiar i kommunikasjonsstaben, Arne Eithun, fortel at i deira handbok N 300 så står det at «Virksomhetsvisningen bør starte der det ikke lenger er mulig eller naurlig å benytte den geografiske veivisningen for å finne frem til virksomheten» og vidare så står det at «Som hovedregel bør virksomhetsvisningen ikke strekke seg lenger enn fra nærmeste riksveg».

– I denne saka er nærmaste riksveg ikkje i rundkøyringa ved Uno X, men i rundkjøringa ved Fv 160, Ulvenvegen.

I rundkjøringa til Ulvenvegen er det skilta mot Hagavik, og når dei tilreisande følgjer denne visninga så kjem dei til krysset i Strønevegen der det er skilta ned til Kysten. Det betyr at trafikantane følgjer E 39 til dei ser skilt til Hagavik og når dei kjem til Hagavik er det lett å finne Kysthospitalet ved hjelp av eksisterande skilting til verksemda, meiner SVV.

– Trafikantane må orientera seg med hjelp av kart og geografiske visningar og når dei kjem nærare verksemda/instutisjonen, kan vi skilta til verksemder/instutisjonar som ikkje er synlege frå vegen. Det er oppfylt i denne saka.

Viktigast at pasientar finn fram

Ei anna problemstilling SVV påpeiker er at ei eventuell skilting på E 39 til Kysthospitalet kan føra til at andre verksemder i hospitalets nærleik vil ha det same.

– Det kan føra til stor mengde av verksemdvisningar langs vegen, og for å unngå at skiltmengda blir for stor må visninga basera seg på at geografisk vising blir fulgt så langt som mogleg.

Tor Egil Sørås på Kysthospitalet har lest grunngjevinga til Statens vegevesen og syns vegvesenet kunne ha sett litt annleis på saka.

– Når svært mange pasienter ikkje finn fram så synest eg at det bør vega tyngre enn skiltnormene.

I tilleggsbilde over ser du kart med køyrerute frå Byvegen ved Uno X og Meny.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.