Kultur | 06. juli 2013

Paskalev trollbatt publikum

Urørt-vinnar Michael Paskalev hadde full kontroll på Søfteland fredag kveld.

Paskalev trollbatt publikum
Michael Paskalev fekk svært varm respons frå publikum på Søfteland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. juli 2013 07:30

Bildeserie:

Det nærmaste du kan koma Rihanna med smekken nede? (Foto: KVB)
Det nærmaste du kan koma Rihanna med smekken nede? (Foto: KVB)
Paskalev drog mange folk til hovudscenen. (Foto: KVB)
Paskalev drog mange folk til hovudscenen. (Foto: KVB)
Med ein fotballspelar i kvar armkrok. (Foto: KVB)
Med ein fotballspelar i kvar armkrok. (Foto: KVB)
God stemning. (Foto: KVB)
God stemning. (Foto: KVB)
Super Mario og Luigi var ikkje i form til å hoppa så mykje i går. (Foto: KVB)
Super Mario og Luigi var ikkje i form til å hoppa så mykje i går. (Foto: KVB)
Blood Command avslutta for smikkfullt telt. (Foto: KVB)
Blood Command avslutta for smikkfullt telt. (Foto: KVB)
Litt merch høyrer med på siste LOL-festival. (Foto: KVB)
Litt merch høyrer med på siste LOL-festival. (Foto: KVB)
Real Ones, som også blir å høyra på familiedagen i dag. (Foto: KVB)
Real Ones, som også blir å høyra på familiedagen i dag. (Foto: KVB)
Real Ones. (Foto: KVB)
Real Ones. (Foto: KVB)
Real Ones. (Foto: KVB)
Real Ones. (Foto: KVB)
Real Ones. (Foto: KVB)
Real Ones. (Foto: KVB)
1 av 11

Søfteland Rock N LOL mangla noko i går; dødtid; konsertar der det var glisent framfor scenen – periodar der publikum prioriterte noko anna.

Frå starten med KingCalling var det folksamt og god stemning, og det heldt fram både på hovudscenen og i teltet.

Les òg: Kongestart på Søfteland

Men det var kanskje éin som fanga publikum endå betre enn andre, som tok Søfteland opp og ned igjen med same tette kontakt med alle framfor scenen; Michael Paskalev.

Paskalev vann årets Urørt-finale og hamna på førsteplass på lista over nye artistar bransjen har tru på dette året.

I år kjem han med debutalbumet sitt, men har allereie rekt å spela både på Øyafestivalen, Slottfjellfestivalen, By:Larm i 2011, Hove i 2012, Eurosonic i Nederland som NRK P3s spesielt utvalte artist, Lydverket, Lindmo og Sommeråpent på NRK, og på Frankrikes største musikk-TV-show Taratata i 2013.

Hardt og folkeleg

Overgangen var brå til hysterisk hardcore med Blood Command i teltet. Bandet, som tidlegare hadde osingane i Maheads som sitt faste LIVE-akkompagnement, kom tilbake og kjørte eit fullstappa telt hardt og lenge før Real Ones runda av kvelden på hovudscenen.

Tonane av Real Ones sin folk-rock såg ut til å nå heilt ned til Drus Kæmp, der folk kom i flokk opp mot scenen for å få med seg bergensbandet, som blei stifta midt på 90-talet, då artistane var 14-15 år gamle.

Real Ones, som også speler på familiefestivalen i dag, består av Ivar Vogt, Jørgen Sandvik, Kåre Opheim, Øystein Skjælaaen og David Vogt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.