Lokal | 04. apr. 2020

Påske i båt? Hald deg på heimebane

Stenger gjestehamnene - men berre for folk frå andre kommunar.

Påske i båt? Hald deg på heimebane
Os gjestebrygge er klar for påskebesøk, men berre lokale innbyggarar får overnatta. (Bilde frå sommaren 2019, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. apr. 2020 07:54

Fredag 13. mars blei skulane stengde, laurdag 14. mars følgde Bjørnafjorden kommune i fotspora til fleire hyttekommunar, og stengde den populære bubilparkeringa på Steinneset.

På spørsmål om også overnattingsforbodet ver gjeldande for båtfolk, fekk vi den gong ikkje svar. I går, knappe tre veker seinare, har kommunen fatta avgjerd.

– På anbefaling frå kommuneoverlegen og smitteoverlegen, har kommuneleiinga avgjort at det ikkje vil vera tillatt for båtfolk frå andre kommunar å overnatta i gjestehamnene i Bjørnafjorden kommune.

Delar av den eine gjestebrygga blei skadd i vinter. Dette bildet er tatt 21. mars. (Foto: KVB)
Delar av den eine gjestebrygga blei skadd i vinter. Dette bildet er tatt 21. mars. (Foto: KVB)

Er du frå Bjørnafjorden kommune og har plan om påsken i båt, kan du med andre ord ta nokre netter i dei kommunale gjestehamnene. Men servicebygget i Os hamn er stengd.

Det er uansett ikkje verdt å reisa langt, med mindre du vil ligga på svai eller finna deg ei privat brygge. Populæra hamner i nabokommunane, som Våge, Bekkjarvik og Husnes, er nemleg òg stengde.

Forbodet i Bjørnafjorden kommune sine hamner gjeld frå og med 3. april og til annan beskjed blir gitt, fortel kommunen på heimesidene sine.

Avgjerda er heimla i smittevernlova § 4-1. Bakgrunnen er den same som for hytteforbodet, nemleg den auka belastninga tilreisande personar kan utgjere for den kommunale beredskapen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.