Kultur | 02. apr. 2021

Påskehøna er tilbake

I fjor var det hytteforbod og snømangel - no er årets høne på plass.

Påskehøna er tilbake
Årets påskehøne ruvar gode to meter kvar veg. (Foto: privat)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 02. apr. 2021 07:28

Kvar vinter sidan 2010 har Siv Vevle og sambuaren Alf Holdhus frå Os brukt delar av påskeferien på eit aldri så lite byggverk i snø.

– Det byrja med at vi gjekk tur forbi ei hytte der andre hadde laga ein kylling eller høne i snø, og fargelagt denne. Då fekk vi òg lyst å prøva, fortalde Siv til Midtsiden i 2017.

I 2016 bygde dei ei høne som var 4 meter høg, dei siste åra har den landa på 2-2,5 meter. Hønene har ruva på Kvamskogen.

I fjor landa dei på ei høne på rundt 12 centimeter. Høna blei heller ikkje bygd i snø.

– Med koronakrise og hytteforbod blei det heimepåske i Øyane. Her er lite snø å finna, så påskehøna blei bygd i modellkitt og farga med konditorfarge. Det gjekk ikkje med dei store mengdene med konditorfarge i år, men tradisjonen er halden ved like, fortalde Siv og Alf til Midtsiden då.

To meter med våt snø

I år er det ikkje hytteforbod, og med det er tradisjonen halden ved like, kan Siv og Alf fortelja.

– I år var det endeleg tid for påsketradisjon kor vi lagar oss ei påskehøne i snø.

– Grunna lite, og våt snø, blei ho ikkje så stor som den på fire meter, men ho er no likevel 2,5 meter lang og gode to meter høg, fortel dei to høne-byggjarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.