Kultur | 11. apr. 2020

Påskehøne krympa av hytteforbod

Heldt tradisjonen ved like - utan snø.

Påskehøne krympa av hytteforbod
Påskehøne 2017 vs 2020 (innfelt). (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. apr. 2020 07:45

Kvar vinter sidan 2010 har Siv Vevle og sambuaren Alf Holdhus frå Os brukt delar av påskeferien på eit aldri så lite byggverk i snø.

– Det byrja med at vi gjekk tur forbi ei hytte der andre hadde laga ein kylling eller høne i snø, og fargelagt denne. Då fekk vi òg lyst å prøva, fortalde Siv til Midtsiden i 2017.

I 2016 bygde dei ei høne som var 4 meter høg, dei siste åra har den landa på 2-2,5 meter. Hønene har ruva på Kvamskogen.

Hytteforbod og snømangel

I år landa dei på rundt 12 centimeter. Årets høne er heller ikkje bygd i snø.

– Med koronakrise og hytteforbod blei det heimepåske i Øyane. Her er lite snø å finna, så påskehøna blei bygd i modellkitt og farga med konditorfarge.

Det gjekk ikkje med dei store mengdene med konditorfarge i år, men tradisjonen er halden ved like.

Hytteforbod og snømangel, men påskehøne blei det likevel.
Hytteforbod og snømangel, men påskehøne blei det likevel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.