Sport | 23. mars 2021

– Påsken kan slå ut begge vegar

Status og spådom for skianlegga.

– Påsken kan slå ut begge vegar
Dagleg leiar i Eikedalen Skisenter, Fredrik Tønjum, er spent på vêret før påske. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. mars 2021 13:14

Går du med håp om alpine opplevingar i nærområdet i påskeferien? Både Furedalen, Eikedalen, Voss og Myrkdalen har heisane i drift, men vêrmeldinga for dagane som kjem er usikre.

– For vår del blei det ein god januar og februar, men før vinterferien regna det meste vekk, og vi kunne ha berre barneområdet ope, seier Fredrik Tønjum ved Eikedalen Skisenter.

Så kom det seg. Førre veke har vore god, det same var søndagen.

– No er vi spent på dagane som kjem. Det er venta ein del nedbør, men med temperaturar frå null til 5 plussgradar kan dette resultera i både store snømengder eller at mykje regnar vekk igjen.

Yr og Storm er usamde om det blir nedbør onsdag, men samtemte når det kjem til torsdag til med tysdag i neste veke. Yr melder 3-4 gradar og regn, Storm melder 0-2 gradar og snø.

Ganske like vêrmeldingar gjeld for Voss og Myrkdalen.

Status i dag

Eikedalen: 6 av 7 heisar i drift. 65 cm snø i løypene og i terrenget.

Voss Resort: 7 av 11 heisar i drift. 80 cm i løypene, 100 cm i terreng.

Myrkdalen: 6 av 9 hesar i drift. 100 cm i løypene, 160 cm i terrenget rundt.

Null smitte til no

Alpinanlegga sel ei redusert mengde sesongkort og dagskort grunna pandemien.

– Vi har berekna at vi kan ha 1.680 i anlegget om gangen, og så er det opp til gjestane å spreia seg. Vi ser jo at det enkelte dagar er kø på den eine staden, men ingen kø i ein annan heis.

– Smitte kan oppstå kor som helst, men vi har vore heldige til no, og ikkje hatt ein einaste smittesporingstelefon verken i samband med ski eller besøk i varmestova, seier Tønjum.

Med hjartet i halsen

Januar og februar har vore gode månadar for Eikedalen, med utselt dei fleste helgene og fleire dagar på kveldskøyring.

– Nokre dagar kunne vi nok selt fire gongar så mange skikort. Men vi sørgjer ikkje over at inntektene kunne vore større, vi er berre glade for at vi har fått lov å ha ope gjennom heile vinteren. Vi har sete med hjartet i halsen på kvar pressekonferanse, men det har heldigvis gått bra for vår bransje til no.

I fjor var det dårleg med snø fram til landet stengte ned i midten av mars.

– Vi har ingen plan om å stenga anlegget etter påske, har vi snø så held vi ope. Men foreløpig er vi spent på dei nærmaste dagane og kva vêr vi faktisk får.

Så snart snøen er vekke startar Eikedalen bygging av nytt skitrekk. Dette skal gå til toppen der stolheisen landa fram til den i år blei stengt. Stolheisen skal seinare kortast ned i lengde, så den kan ha ope oftare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.