Lokal | 17. apr. 2019

Påskeprat med Sverre

Fem kjappe spørsmål med Sverre Lunde Pedersen.

Påskeprat med Sverre
Skal han trena eller tek han ferie? Sverre Lunde Pedersen er dagens gjest i «Påskepraten». (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 17. apr. 2019 13:36

Sverre tok i vinter eit historisk VM-gull på 5000 meter i Inzell. Han tok i same meisterskapen sølv på lagtempo (same dagen), og sølv på 1500 meter.

Interessa rundt Sverre veks for kvar sesong, og då Midtsiden og Os Travel sette opp pakketur til meisterskapen tok over 20 osingar turen.

Til neste års VM allround i Vikingskipet på Hamar har Os Travel reservert ein heil gard kor 56 osingar kan bu og følgja Sverre.

– Korleis blir påsken din i år; fjellet, båtpuss, hagestell eller i sofaen?

– Påsken blir ein roleg ferie med sambuer, familie og vener. Forhåpentlegvis ikkje for mye sofatid i det fine været!

– Kor mange dagar har du stått på ski denne snøfattige vinteren?

– Eg kan skryta av heile 0 dager på ski denne vinteren. Tangering av fjoråret ...

– Har du nokre påsketradisjonar?

– På Skjærtorsdag dreg vi på påskebasar i Ikjefjorden, noko som har blitt ein tradisjon. Vi satsar på betre vinnarlykke i år- då vi ikkje vann noko som helst i fjor!

– Om du skal anbefala ein tur i Os - kor går turen?

– Eg vil anbefala ein tur til Møsnuken via Linken, før turen går vidare til Borgafjellet. Ein lengre tur, men den passer perfekt til årets påskevêr.

– Kven fortener eit stort påskeegg?

Mamma, Martha, fortener eit påskeegg etter å ha laget fine og gode påskeegg til oss ungane i alle år.

Les òg:

Påskeprat med Christian

Påskeprat med Thomas

Påskeprat med Aina

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.