Lokal | 09. sep. 2018

– Pass på Just’n!

Mannen som spreidde fotballbasillen til nesten heile Os.

– Pass på Just’n!
Erik Just Olsen, her på Bjørnafjorden Golfklubb i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. sep. 2018 09:35

Erik Just Olsen runda 70 for eit par år sidan. Til vanleg går han berre for Just’n. I dag er det mange som ikkje har sett denne mannen i aksjon på fotballbanen. Dei som vart fødde på den tid det var aktuelt, er i dag i 40-åra.

Han kom til Os tidleg på 1970-talet, som spelande trenar. Heimstaden var Horten, og alt i tenåra opererte han på A-laget der saman med Per Bredesen, som då hadde vendt heim etter vellukka proffliv i Italia, der han mellom anna vart seriemeister med Milan.

Seinare var Just’n ei tid i Brann før han vart henta til Os, som då var i 3. divisjon.

I eit avisintervju sat han på ein motorsykkel og snakka om framtida, og spådde at han skulle spela Os rett opp i toppdivisjonen.

Han viste seg sannspådd.

Både gamle og unge vart gripne av fotballbasillen etter at dei hadde sett Just’n i sving, dei rekte i lange drifter til Kuventræ og ville vera med på det som meir og meir tok til å likna på noko stort.

Når Os hadde heimekamp, var det heilt slutt på faste tider for sundagsmiddagane, dei vart justerte etter kampstart.

Dei få som ikkje fanst interesserte i fotball, lengta mot vinteren så mykje det vart fred å få. For dei var snødrev og bilar på skøyns i vegkanten eit kjærkome byte på kosten. Det er mangt å minnast for oss som såg dei aller fleste kampane den gongen. Her skal me nemna eit par.

Den eine var i Stavanger, mot Viking i cupen. Med Just’n som dreven dirigent tok Os føringa to gonger. Fyrst 1-0, så utlikna Viking, men medan motet minka hjå oss tilreisande, gjekk osingane opp til 2-1. Me berre sat og gapte. Ole Johan Valle i mål var kjapp som ein katt frå indre Asia. Men på slutten sette Viking inn ein gamal ringrev, landslagsspelaren Olav Nilsen, som ein slags sistemann ved pumpene, og heilt på slutten scora Viking to mål. Det vart 3-2 til Viking, men den gongen hadde me ei kjensle av at dei som tapte kampen, på ein måte hadde vunne. Så imponerte var me.

Så var det ein episode der Ny-Krohnborg kom til Kuventræ. Osingane skulle ta corner. Gjestene prøvde å tetta buret med heile sitt mannskap, og sekundet før ballen letta frå cornermerket, skreik keeperen så det høyrdest til Varåsen:

– Pass på Just’n !

På desse tider vart han teken ut til landslaget.

Éin kamp var mot Sverige. Me tapte 1-3, men til trøyst for oss var det vår mann som sette inn målet. Eg meinte då, og meiner framleis, at den gongen skulle òg Svein Gunnar Rein ha fått sin sjanse på landslaget. Han og Just’n kjende kvarandre ut og inn. Kor ofte heada ikkje Just’n ballen ned på stortåa til Svein Gunnar, som brende av så du kjende svilukta.

Når desse to var i toppslag, såg du eit av dei beste spisspara i landet.

Just’n var så god på hovudet at du knapt såg maken. På landslaget seinare vart det mykje snakk om «Flo-pasningen». Ein spelar sende fram ein ball som berre tometeren Jostein Flo kunne nå med skolten. Men det var gamalt nytt for oss, Os nytta nett same taktikken med Just’n.

Os gjekk rakaste vegen til toppdivisjonen, slik som den spelande trenaren hadde sett for sitt indre auga. Opphaldet der, i 1975, kan me vel kalla ein snarvisitt.

Men det var storveges så lenge pilene berre peika éin veg.

Arnfinn Haga

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.