Lokal | 23. feb. 2012

Passerer 18.000 til sommaren

516 nye osingar: 19. mars blir vi truleg 5 mill innbyggjerar i Noreg. I løpet av sommaren passerer vi 18.000 i Os.

Passerer 18.000 til sommaren
Det blir stadig fleire osingar som kan vera med å feira 17. mai (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. feb. 2012 10:57

Statistisk sentralbyrå (SSB) presenterte torsdag folketala per 1. januar 2012. VI er i dag 4.985.900 innbyggjerar. Samstundes har SSB freista å berekne kva dato vi passerer 5 millionar innbyggjerar. Datoen dei har rekna seg fram til er 19. mars 2012.

Om vi ser på dei meir lokale tala har det blitt 516 nye osingar gjennom 2011 slik at vi no er 17.726 og nesten like store som Stord (17.957).

- Det ante meg at vi nærma oss 18.000 med stormskritt. Vi veit jo at vi er ei vekstkommune.

- Eg tykkjer det skal bli kjekt å passere den magiske grensa nett over sommaren, smiler fungerande ordfører Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H).

Nest størst vekst

Om ein held Bergen utanom og ser på dei omkringliggande kommuene er Os den kommunen som veks nest raskast, berre slått av Askøy som i 2011 blei 608 fleire.

Slik veks dei fem største kommunane i Hordaland:
Bergen +3370 til 263.762
Askøy +608 til 26.210
Fjell +500 til 22.720
Stord +153 til 17.957
Os +516 til 17.726

Nabokommunane Tysnes, Samnanger og Fusa har alle berre mindre endringar med henhaldsvis +10 (2766), +16 (2417) og -40 (3811).

Fleire menn enn kvinner

Om ein kikkar nærare på tala for Os ser vi at vi ved nyttår var 8.979 menn og 8.747 kvinner.

Den totale befolkningssamensetninga såg slik ut ved nyttår:
Totalt: 17.726
0 år: 260
1-4 år: 1.134
5 år: 281
6-12 år: 1.732
13-15 år: 747
16-19 år: 954
20-39 år: 4.843
40-54 år: 3.481
55-66 år: 2.450
67-79 år: 1.322
80-89 år: 427
over 90 år: 95

Netto tilflytting til kommunen var 348 og netto fødselsoverskot var på 167.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.