Osingen Sondre Ødegård Aksnes, som fyller 17 år til hausten, har dei siste åra vore aktiv innan freestylefotball.
Les òg: På triksecamp i Os og Møtte nye triksetalent (begge med video)
Han har også lasta opp korte videoar på nett, noko som no har spreidd seg til svært mange.
– Eg delte videoar fordi eg sjølv har lært mykje av å sjå andre sine filmar, og for å bli kjent med andre som triksar.
Først delte han filmane på YouTube, så på Instagram, der du berre får lagt ut 15 sekund lange klipp.
– At det skulle gå så langt hadde eg aldri trudd, seier Sondre til Midtsiden.
Størst i Os på Instagram?
Fleire personar og bedrifter i Os er aktive på bilde- og videodelingstenesta Instagram.
Musikarane Aurora (auroramusic) og Maya Vik (mayavik) er blant dei med flest følgjarar, 11.000 og 5.995 i skrivande stund.
– Det svingar litt, nokon kjem til mens andre sluttar å følgja deg. Eg passerte 14.000 i helga, måndag sto det 13,9k, fortel Aksnes, som truleg er den i Os med flest følgjarar på Instagram.
Han publiserer på profilen «sondrefreestyle».
Fotograf og bloggar Tonje Kyte har endå fleire, 17.700 med «foreverloveblog» (oppdatert).
Blant butikkar i Os er interiør tydelegvis populært, Nordisk Rom har heile 9003, Lysthuset har 1853. Til samanlikning har Instgram-ferskingen Midtsiden, til liks med Os kommune, knappe 100.
Fersk film frå Spania
Sondre seier følgjarane ventar ny snutt kvar dag, noko som kan gjera det litt travelt å vera populær.
– Fleire av følgjarane mine, blant anna dei frå Storbritannia, tar kontakt viss det går for lang tid mellom kvar video. Det gjeld å finna nye triks og nye omgjevnadar å visa dei i, fortel han.
Youtube er framleis i bruk, i går kveld la han ut denne videoen frå ferie i Spania no i juli.
– Kva konkurransar er du med på i år?
– I vår deltok eg i Azun Challange, til hausten blir det NM. Eg vurderte også å reisa til VM i Tjekkia, men det passa ikkje å ta turen.
– Seinare i juli skal eg til Norway Cup og spela med eit av juniorlaga til Os, men det blir nok også litt triksning på Ekeberg, seier sjongløren frå Kuvågen.