Passerte 25.000 innbyggarar til nyttår
Bjørnafjorden med auka folkevekst i fjerde kvartal.


I 2. kvartal 2020 auka innbyggartalet i Bjørnafjorden kommune med 10 innbyggarar, som medd eitt kvartal unntak var lågaste folkevekst sidan 2001, om vi tar summen av Os og Fusa åra før kommunesamanslåinga.
I 3. kvartal var folkeveksten 0 (null).
Men 4. kvartal var folkeveksten 74 innbyggarar, altså større enn 1. kvartal (57), ifølgje ferske tal frå SSB.no.
Det gjorde at vi var 25.049 innbyggarar i Bjørnafjorden kommune 1. januar i år.
Vi hadde færre fødde og fleire døde enn alle tidlegare kvartal i 2020, og færre innanlands innflyttingar.
Men det var noko større innvandring og langt færre både utflyttingar og utvandringar frå Bjørnafjorden i dei tre siste månadane før nyttår.
Samla sett hadde vi ei folkevekst på 141 innbyggarar i 2020 mot 243 i 2019 (Fusa og Os samla).
Her ser du tala for 4. kvartal 2020:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.