Lokal | 19. okt. 2020

Passerte landssnittet - desse gav mest

Stor gjevarglede til årets TV-aksjon.

Passerte landssnittet - desse gav mest
Statistikk for Bjørnafjorden måndag 19. oktober. Bøssene er opne ut månaden. (blimed.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. okt. 2020 07:41

Måndag 5. oktober opna dei digitale bøssene for mottak av bidrag til «Et hav av muligheter», søndag 18. oktober var TV-aksjonen på NRK.

Bøssene er opne til og med 31. oktober, men hovudbykset kom i går, dagen då bøssebærarane skulle gått frå dør til dør.

Bøssene i Bjørnafjorden kommune, saman med rause bidrag frå næringslivet, låg på over 400.000 innsamla kroner laurdag. No har vi passert 1,2 millionar.

For første gong sidan 2016 er mengda innsamla kroner i Bjørnafjorden kommune - per innbyggar - over landssnittet.

Vi er no oppe i 51,69 kroner per innbyggar (Bjørnafjorden) mot 34,60 (Os) i fjor - noko som i 2019 plasserte Os komune på 32. plass av 33 kommunar i Hordaland.

Store bidrag frå næringslivet

I fjor var det 176 bøssebærarar i Os kommune.

No er det 117 digitale bøsser i Bjørnafjorden kommune. Desse har samla inn til saman 389.000 kroner, 18,50 kroner per innbyggar. Her kan du sjå alle

Næringslivet står for 395.000 av desse kronene, skular og barnehagar for 144.000 kroner.

20 skular og firma har gitt over 10.000 kroner kvar.

Dei 20 i Bjørnafjorden som til no har gitt mest. (blimed.no)
Dei 20 i Bjørnafjorden som til no har gitt mest. (blimed.no)

Mange har gitt beløp mellom 1000 og 10.000 kroner - sjå alle på blimed.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.