Lokal | 26. nov. 2019

Påsto at piratdrosjesjåfør hadde køyrd bilen

Mann dømt for bruk av kokain og for forsøk på køyring i rusa tilstand.

Påsto at piratdrosjesjåfør hadde køyrd bilen
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. nov. 2019 09:35

Ein mann i 20-åra blei i oktober i fjor mistenkt for forsøk på køyring i rusa tilstand, og for bruk og besittelse av kokain.

Politiet fekk melding om rusing av motor i eit nabolag på Søfteland, i 45 minutt i 4-tida ein søndag morgon.

På staden blei det klart at ein bil sto i grøfta og tiltalte sat bak rattet.

Motoren og dekka var varme, og lysa var på. Det viste seg at mannen hadde 1,5 i promille.

Erkjente ikkje straffeskyld

Tiltalte erkjente ikkje straffeskyld. Han forklarte at han hadde køyrd utfor kvelden før, men så reist på fest i Bergen. På veg heim til Os hadde han og kameraten tatt piratdrosje, og at det var piratdrosjesjåføren som hadde prøvd å få bilen laus.

Retten såg ikkje vekk frå at han hadde vore edru då han køyrde bilen fast, men festa ikkje lit til forklaringa om piratdrosjesjåføren. Årsaka er vitneforklaring frå politibetjentane på staden. Den aktuelle natta hadde han ikkje nemt noko om ein annan sjåfør, berre at han prøvde å få bilen på vegen igjen.

Politiet fann 0,39 gram kokain på mannen. Han erkjente forholdet og bruk av narkotika kvelden i forvegen.

Køyrde bil utan førarkort

I tilleggstiltale frå ein onsdag 13. november var han tiltalt for køyring av bil utan førarkort. Han erkjente forholdet. Aktor drøfta om han burde frifinnast på dette punktet, sidan retten i april var to dagar for sein med å oppretthalda beslaget.

Men retten meinte tiltalte, sjølv om han ikkje hadde levert inn det fysisk hadde førarkortet, burde forstå at han ikkje hadde førarrett.

Tiltalte blei dømt til 18 dagar fengsel, 25.000 kroner i bot og til tap av førarretten i 2 år og 6 månadar. Han blei òg dømt til å betala 3000 kroner i sakskostnad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.