Lokal | 28. nov. 2017

Patrik fekk plattform på besøk

Deepsea Atlantic er like høg som Strønesåto.

Patrik fekk plattform på besøk
Patrik har fyrtårn på terrassen og flyterigg som nabo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. nov. 2017 22:39

Bildeserie:

Riggen kom på plass i 12-tida i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Riggen kom på plass i 12-tida i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fotograf Oddmund Lunde fekk ein tur nærmare riggen. (Foto: Oddmund Lunde)
Fotograf Oddmund Lunde fekk ein tur nærmare riggen. (Foto: Oddmund Lunde)
Skandi Vega og Normann Ferking ligg ved riggen. (Foto: Oddmund Lunde)
Skandi Vega og Normann Ferking ligg ved riggen. (Foto: Oddmund Lunde)
Desse var innom Os på formiddagen, før ankomst. (Foto: Andris Hamre)
Desse var innom Os på formiddagen, før ankomst. (Foto: Andris Hamre)
Innaskjers i fin solnedgang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Innaskjers i fin solnedgang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

Tysdag i 12-tida segla rekordriggen Deepsea Atlantic ut frå Langenuen og vidare opp Bjørnafjorden for å legga seg på plass utanfor Røtinga og Strøno.

• Les òg: Deepsea Atlantic kjem tilbake til Os

Riggen er godt synleg frå toppen av Lepsøybrua, og fleire reiste i dag ut i båt for å sjå nærmare på ruvande riggen.

Ein som tok det heile med knusande ro var ein av dei nærmaste naboane, Patrik Hjelle, som fyller seks år i desember.

– Den var der då eg kom heim frå skulen, fortel Patrik, som ikkje synest riggen var eit spesielt overraskande syn.

• Deepsea Atlantic låg utanfor Os i 2009: Sjå bilderseie om bord

Frå før har han eit fyrtårn (Storeblink) på terrassen, som ligg på Sundøytangen, vestvendt med utsikt mot Strøno og Austevoll.

– Det er ikkje sjeldan at ruvande båtar går forbi, forklarer mamma Ann-Christin Heggland.

Hadde riggen lagt nærmare land hadde Patrik og veslebror Noa sett at den med sine 120 meter høgde er berre éin meter lågare enn den karakteristiske «Strønesåto» (Husfjellet) på Sørstrøno.

Blir liggande nokre dagar

Arbeidsbåten MS «Samba» frå Samba AS låg å venta då riggen kom. Det lokale reieriet får oppdrag i samband med opphaldet.

– Vi blir her eit par dagar før vi skal ut Korsfjorden og vidare til boring på Vikingbanken (Tune-feltet ved Oseberg), sa skipper Kåre Kvalvaag til Midtsiden i går.

– I samband med dette må vi bygga litt om på BOP-en, og går innaskjers for å ta nokre vêrsensitive løft. Vi vil òg nytta dei stille forholda til å skifta ut nokre ankeliner og til enkelte logistikkmessige aktivitetar.

90 meter lange Normand Ferking, 92 meter lange Havila Jupiter og 109 meter lange Skandi Vega ligg òg ved riggen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.