
Pedersen på pallen igjen
Ligg på 3. plass før 10.000-meteren etter ein solid 1500 meter.
Kjetil Vasby Bruarøy
EM i Collalbo: Sverre Lunde Pedersen ligg an til å ta sin første medalje i allround-EM.
Etter 3. plass på 5000 meter i går står 1500 og 10.000 meter på programmet i dag. 1500-meteren var unnagjort klokka 13.30 i dag.
Sindre Henriksen, som gjekk i 4. par, tok leiinga, ei leiing som sto seg heilt til Sverre og Håvard Bøkko kom i 8. og nest siste par.
Sverre køyrde inn til leiing, Håvard til førebels 2. plass.
– Vi har sett han hakket kvassare, men dette er ein solid 1500 meter, sa NRK-kommentatorane.
Men Sven Kramer og landsmannen Patrick Roest, som gjekk i siste par, gjekk fortare. stakk av med 1. og 2. plass.
Resultat, 1500 meter:
1. Sven Kramer 1.45,914
2. Patrick Roest 1.46,406
3. Sverre Lunde Pedersen 1.46,650
4. Håvard Bøkko 1.47,738
5. Sindre Henriksen 1.48,304
NRK2 sender 10.000-meteren direkte frå klokka 15.05.
Før start ser det sånn ut samanlagt:
1. Sven Kramer
2. Patrick Roest +2,36 6
3. Sverre Lunde Pedersen +5,40
4. Håvard Bøkko +30,68
– Eg er ikkje overraska over at Patrick går ein god 1500 meter, men Sven Kramer er i betre form enn venta, seier Sverre til NRK.
Kramer, som frå før har ni EM-titlar, har slite med ryggen, blitt far og bygd seg hus. Denne sesongen har han stått over internasjonale løp, men satsar på meisterskapa.
– Det er ikkje avgjort enno, seier Sverre.
I allround-VM i fjor vann han 5000- og 1500-meteren, men ramla på 10.000 meter. Han reiste seg, slo Sven Kramer, gjekk inn til 5. plass, og sikra med det 2. plass samanlagt bak Patrick Roest.