Lokal | 28. nov. 2018

Peishanske tok fyr

Vegg, parkett og teppe skadd før hansken var ute av huset.

Peishanske tok fyr
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. nov. 2018 09:17

Måndag rykte brannvesenet ut til ei bustad på Søre Neset.

– Dei som bur i huset hadde hatt eit branntillaup, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Huseigar har ein hanske som vedkomande bruker i samband med vedfyring.

– Hansken blei hengt på veggen etter bruk, men tok fyr.

Hansken landa på golvet og svidde hol i parketten. Då den blei tatt ut av huset hadde den òg gjort skade på eit teppe.

– Med kulda vi har hatt den siste veka er fyringssesongen godt i gang. I denne tida er det greit å vera varsam, og å ha enkelt sløkkemiddel i nærleiken.

– Vi har òg hatt tilfelle av folk som har tatt oske i pose og sett denne på trappa, så har posen og trappa tatt fyr. Bruk eldfast bøtte til oske, eller vent lenge nok til at du veit at denne er kald. I oska kan det ligga glør som blusser opp når den blir flytta på, og den får oksygen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.