Lokal | 20. okt. 2010

Pengane rår

Skattelistene 2009: Medlemmane i Os kommunestyre tener dobbelt så mykje som landsgjennomsnittet.

Pengane rår
Benjamin Bruarøyonsdag 20. okt. 2010 12:55

I dag blei skattelistene for 2009 lagt ut. Dei viser blant anna at det ikkje berre er dine pengar lokalpolitikarane i Os styrer med, dei spytter nemleg rikeleg i kommunekassen sjølv.

Totalt skatta kommunestyret 7,5 millionar kroner i 2009, i snitt 214.855 kroner per medlem. Dette er nesten tre gongar så mykje som landsgjennomsnittet på 88.755 kroner.

Høg inntekt
Med slike bidrag til felleskassen seier det seg sjølv at også inntektene er bra blant lokalpolitikarane i Os. I snitt tente medlemmane 464.849 kroner kvar, om lag det doble av Ola Nordmann si inntekt på 237.620 kroner.

11 av medlemmane tente over 500.000 i fjor, Gustav Bahus, Espen Aspenes og Jostein Bondevik tente mest.

Eirik Neverdal er den einaste av dei 35 utan inntekt i fjor, men han har nest høgast formue (21,7 mill.) og betalte 289.209 kroner i skatt.

Kunne finansiert Oseana
Femten av kommunestyremedlemmane har formue. Den samla formuen til desse ville vore meir enn stor nok til å dekka kommunen sitt bidrag til Oseana.

Den samla formuen til dei femten med formue er på over 100 millionar kroner, over 3 millionar kroner i snitt om vi deler potten på alle dei 35 medlemmane.

Snittinntekta til innbyggarane i Os er på 336.053 kroner.

Liste: Os kommunestyre, skatt 2009

Representant Parti Inntekt Skatt Formue Terje Søviknes Frp 859.831,- 395.202,- 0,- Gustav Bahus Frp 1.321.020,- 591.110,- 1.696.056,- Laila M. Reiertsen Frp 491.464,- 184.923,- 0,- Espen Aspenes Frp 1.010.614,- 953.546,- 58.549.884,- Marianne N. Hjelle Frp 255.449,- 96.271,- 0,- Jonn Garvik Frp 187.872,- 55.355,- 0,- Robert Kaastad Frp 371.841,- 138.900,- 0,- Øystein Engevik Frp 654.798,- 252.763,- 0,- Elling J. Røttingen Frp 768.462,- 330.561,- 1.929.022,- Stig Endre Nilsen Frp 390.582,- 148.342,- 0,- Sølvi Bugge Frp 339.818,- 122.282,- 0,- Sveinung Dalland Frp 421.233,- 151.968,- 853.369,- Nina B. Halhjem Frp 226.104,- 75.790,- 0,- Anne Marie Alvær Frp 95.584,- 27.321,- 26.816,- Veronica Haugland Frp 101.064,- 31.389,- 0,- Sonja Vernøy Hansen Frp 433.852,- 159.594,- 0,- Oddgeir Bjoravik Frp 1.644,- 32.603,- 0,- Marie E. Bruarøy H 188.958,- 66.961,- 0,- Hedevig Holst H 575.423,- 219.303,- 73.234,- Jonny Garvik H 948.353,- 693.132,- 15.975.428,- Olav G. Djuve H 401.922,- 122.385,- 1.297.188,- Nils-Olav Nøss Ap 420.949,- 155.174,- 0,- Norvald Skåtøy Ap 660.392,- 226.193,- 1.157.678,- Torill Keys Ap 430,- 0,- 0,- Harald Døsen Ap 428.753,- 147.871,- 515.896,- Borghild Borgen Ap 464.682,- 171.795,- 0,- Jostein Bondevik Krf 976.473,- 421.640,- 2.025.557,- Arne Bjørndal Krf 411.930,- 146.814,- 0,- Tore Rykkel V 688.512,- 276.709,- 0,- Inge Hjertaas SV 557.638,- 216.826,- 216.560,- Ingrid Netland Sp 226.257,- 45.173,- 178.437,- Terje Sperrevik Tvs 458.385,- 180.869,- 0,- Eirik Neverdal Tvs 0,- 289.209,- 21.737.211,- Torunn Øvredal Tvs 403.579,- 141.782,- 0,- Sigurd Petter Laugen Tvs 525.861,- 250.199,- 0,-

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.