Lokal | 03. apr. 2012

Pengar til betre kollektivtilbod

Staten deler ut 22 millionar kroner. Os får 25.000 kroner til ny ungdomsrute.

Pengar til betre kollektivtilbod
Os kommune får midlar til ungdomsrute til Hatvika. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. apr. 2012 08:57

Den statlege tilskotsordninga ”Kollektivtransport i distriktene” skal stimulera til at midlar blir brukt smart og effektivt, og føra til vesentleg forbetring for dei reisande, heiter det i ei pressemelding frå samferseldepartementet.

2012 er sjette år på rad som departementet deler ut midlar frå denne ordninga. I år får 39 prosjekt fordelt på 11 fylker midlar frå staten.

Til saman 22 millionar kroner blir delt ut, 855.000 hamnar i Hordaland, 25.000 i Os kommune.

- I prosjekta som får statleg støtte i Hordaland i 2012, er det er lagt vekt på god tilknyting til andre delar av kollektivtransporten i fylket. Desse prosjekta skal difor bidra til at fleire i tynt folkesette område kan køyra kollektivt, seier samferdsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I 2012 får Hordaland fylkeskommune 855 000 kroner frå tilskotsordninga, og midlane er fordelt slik:

Ungdomsrute Os – Hatvika: Kr 25 000
Frisklivsrute i Fusa: Kr 15 000
Snøggbåtbuss på Tysnes: Kr 60 000
• Nytt rutetilbod Ullensvang: Kr 200 000
• Servicebuss i Sund: Kr 80 000
• Tingingsrute i Eidsfjord: Kr 75 000
• Samordna rute i Krossdalen: Kr 45 000
• Serviceskyss i Øygarden: Kr 65 000
• Fleksibel rute på Fedje: Kr 40 000
• Ungdomsrute for Masfjorden: Kr 125 000
• Ungdomsrute for Granvin: Kr 125 000

Tilskotsordninga ”Kollektivtransport i distrikta” (KID) blei oppretta av regjeringa i 2007. Regjeringa har i Soria Moria I-erklæringa slått fast at det skal utviklast eit kostnadseffektivt og brukartilpassa kollektivtilbod i distrikta.

Formålet med tilskotsordninga er å visa korleis kollektivtilbod kan styrkjast gjennom meir effektiv samordning av ressursar og verkemiddel. Målet er å gjennomføra tiltak på utvalde stader og strekningar for å oppnå ei vesentleg forbetring av tilbodet til dei reisande i distrikta. Tre hovudomsyn ligg til grunn for prioritering av tilskot:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.